Om du gjorde det,
då visste du ikkje om meir
Om du verkeleg meinte det, og gjorde det,
då var du ikkje meir
Då var du slukt av jorda og hadde ikkje innpass meir
Ville du det, bli slukt av jorda, allereide då
Nei, du ville være her, så lenge det var mogleg
Kanskje ikkje for ein kvar pris, men det visste du ikkje før du stod der
Det som var nøkkelen, når du stod der;
valget
Men det var ikkje sikkert du hadde koda til låsen, og kanskje ikkje nøkkelen passa
Det var ikkje så enkelt som du skulle ha det til,
valget
Om du gjorde det, då veit du ikkje om meir, etterpå
Etterpå er det for seint
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
april 2025
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
6 kommentarer
Takk for nok et dikt fra din hånd. Jeg liker godt å lese det du skriver.
Tusen takk! Blir glad for at du leser
sterkt
<3 <3 <3
Flott!