oss to – årsdag…

20. Januar
1 år og årsdag

Tusen takk for at du er du
Satsa på meg og aldri ga opp
Satte spørsmål og krevde svar
Auge til Auge ansikt til ansikt

 

Eit år har gått men ikkje alt for fort
Tenk på den tida og alt vi har fått gjort
Opplevingar i fleng, nesten kvar ei helg vi var på sleng
Frå nord til syd og øst og vest,
mykje står igjen,
vår livsens fest

 

Eit år, og alle dei andre framom
Du lærte meg på nytt, å kjøre slalåm
Hoppe i det, eit sjansespel – overvinne frykt
og gi plass for sjel

 

All gode ting er TRE
det er vi begge einige om
Det var den tida det tok å kome hit,
å stå her og være to

 

Nesten tre år, frå fyrste date
Kven skulle tru at tålmodet holdt
Det er akkurat slik det er
Gå mot framtida, halde hand og være to
Oss to

 

Tusen takk for at du er du – ein blant millionar –
den heilt spesielle som oppdaga meg
og som eg oppdaga tilbake
Ein millions sjanse?
Eg vann og du vann og vi begge har vorte litt rikare
Oss to

 

Mette

 

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord #1år #årsdag #rikare #einmillionssjanse #egvannogduvann #ossto #20januar

6 kommentarer

Siste innlegg