Â
Â
Â
VENNSKAPETS KRAFT
Du har køyrt den same vegen heile livet.
Du kan den i blinde.
Ingenting har enno stoppa deg eller sperra vegen for deg.
Heilt til du ein dag ikkje kjem deg fram.
Vegen er blokkert.
Du stoppar opp.
Kavar i blinde, og finn ikkje vegen du kjente sĂĄ godt.
Ropar på hjelp, men det er ingen som høyrer.
Stemma di er for svak.
Du ropar igjen.
Litt høgare no, men ingen høyrer ropet ditt om hjelp.
Du går inn i deg sjølv og leitar etter vegen.
Kva var det som skjedde?
Kvifor høyrer dei ikkje?
Så, langt i det fjerne, du høyrer stemmer og latter.
Eit lysglimt sĂĄ svakt i det fjerne.
Du ryddar veg og kjempar deg fram, til du oppnĂĄr ei sprekke, og ser.
Dei du trudde du mista, dine næraste venner, kjem mot deg med lys i si hand.
Viser deg vegen du ikkje kunne hugse, og som du trudde du hadde mista for godt.
Du trekkjer pusten djupt og tek eit skritt og eit til, mot lyset
Krafta av vennskap har gitt deg styrken, og vegen er ikkje blokkert lenger
Du er ute i lyset og pĂĄ rett veg
Â
mette josteinsdatter kvalsvik
november 2012
omskrevet litt 26. juli 2025
Â
Â
Â
#repostminedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord #minedikt