ren poesi

 

 

 

 

Lukk auga.
Tenk at alt som hender,
eigentleg er poesi.
Poetiske manifestasjonar
du ikkje har fått med deg
på grunn av all den praktiske
organiseringa av livet.
Sosiale, biologiske, fysiske og åndelege 
forklåringar 
har vore det som stort sett
har vist seg.
Då du heile tida har søkt forklåringar.
Opn så auga.

 

kurt johannessen

 

 

 

 

 

 

#renpoesi #kurtjohannessen #blogg #poesi #ellenwisløff #cappelendamm #poetisk #torsdag

8 kommentarer

Siste innlegg