dårleg tid…

 

Dagane flyg og vi med dei
Vi er midt i ein månad, ei veke eller ein dag
Kvar har alle dei andre månadane, vekene og dagane vorte av
For ikkje å snakke om timane
Anten er det for lite timar eller for mykje
Dårleg tid – all tid i verda
Konklusjonen er vel at dagar, veker, månader og for ikkje å snakke om år, går for fort
Vi heng ikkje med i svingane
Eller vi gjer det, og heng igjen, rekk ikkje og strekk ikkje, til
Dagane, timane, sekunda…
Vi er midt i ein månad og hugsar ikkje kva som skjedde veka før
Må tenkje… aha det var det ja…
Stopp opp litt, men det er ikkje enkelt
Det går ikkje å hoppe av – det går kanskje å bremse litt,
men å sakke akter ut er heller ikkje greit
Berre å henge på, og ta dagane, månadane og åra
Vi er så heldige å være her, og vi står i det så godt vi kan

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
16. februar 2024

 

#minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord

7 kommentarer
    1. Vi må prøve å stoppe litt, og legge merke til hva vi driver med 🙂 Viktig 🙂 Ha en fin langfredag 🙂 Her blir det tur i dag også, rundt i byen. Ekeberg faktisk 🙂

    2. Sånn er det bare, og det blir ikke enklere med den tiden – den bare flyter avgårde, totalt uavhengig av ønsker og drømmer. 🙂 Vakkert skrevet 🙂 God påske ønskes 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg