donk donk donk

 

forventninga
kva kan ein eigentleg forvente
og kva kan ein prestere ut ifrå forventningane
press
og det gir stress
også har ein tankekøyret susande som ein trommel
donk donk donk
burde vel klare det
donk donk donk
klarar det ikkje
donk
forventningane du trudde var der
dei var ikkje der
det var du som laga dei
og dei var store
større enn nokon hadde forventa
donk donk donk
tankekøyret sakkar farta
ikkje lag forventningane større enn du kan handskas med
korleis gjer ein det
du må gjere det sjøl
donk donk donk

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mars 2024

 

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

5 kommentarer

Siste innlegg