ein stjerneklar haustkveld

 

 

nĂĄr heile bygda var med
lommelykter og hemmeligheiter
opp i dalen
gøyme og leite
pĂĄ lag
om ĂĄ gjere ĂĄ ikkje verte tatt
det var nok mykje som skjedde
å klare kome seg usett og uhøyrd til posten
stolt
det var slike ting ein fann pĂĄ ute pĂĄ bygda ein stjerneklar haustkveld
eller samle seg ved nausta og høyre på spøkelseshistoriar frå dei som var større
og det var dei som verkeleg kunne ĂĄ fortelje skremande historiar
dei vart so levande at dei vart trudde
då vart det eit problem å gå åleine forbi naustrekka andra mørke kveldar
å stå i enden av naustrekka – sjå huset med lys i på andre sida – og ikkje klare gå forbi den mørke rekka
tĂĄrene som trilla og redsla som kraup etter ryggen
noko var der mellom naustrekkene – og skyggane dansa
så kjem nokon frå andre sida – og det er klar bane å gå
ĂĄ kome heim ein sein haustkveld, inn i varmen og lyset, mens naustrekka stĂĄr der,
til ein annan gong
og monge slike gongar var det
mørket som kom og gjekk
historiane som kom og gjekk
og vart sitjande i minnet
for mørket hadde og har makt
poenget var å være på lag
desse stjerneklare kveldane dĂĄ historiar vart delte
beleste kunne dele om jordas undergang som var nær
tala som var djevelen sine – og det skulle være fire tal
pengane vart borte og plastikk-kort tok over
bølger som skulle skylle innover land
skremselshistoriar som har vorte til dagens virkeligheit
at nokon hadde historia si rett for over femti ĂĄr sidan, er heilt sikkert

 

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg