ærlig og klok – titusen

Kjære Marita
Tusen takk for rundturen i bygda, som har vore mi så veldig lenge, og har blitt din dei siste åra
Kvalsvika,
vakker perle der ute mot havet,
og dagen er strålande med sol fra blå himmel
Vindfullt til tider, men herlig temperatur

Også du da, Marita, den mest positive og optimistiske eg veit om
Rett fra levra, ærlig og klok
Godt med praten og dei over titusen skritta vi fekk
Kaffe på veienden var heller ikkje dumt, sjølv om vi sat med ryggen mot sola

 

På moloen
Med vind i håret, smil og latter
Opp i alt,
fant vi ut kva alder vi føler vi står i – sjølv om vi har passert 50 pluss….

Inga bombe – vi havna på 40 begge
Ein fin alder å stå i,
sjølv om den er passert
Det er der vi kjenner oss stødige
Vaksne damer i den beste alder

 

 
“Brekka”

 


På “veienden” ved Mulevika
Godt med ei pause
Og brått var der ei ørn svevande over hodet på oss

 


Det var rart å gå her brått, då eg kjente at noko mangla, men som på ein måte var til stades allikevel
Hunden Leia har traska her tur etter tur, og vi to saman var gull
I dag følte eg nærveret til Leia en liten stund, på turen

Men, det er ei tid for alt, og vegen vidare er utan hund, men med gode venner

 

 

Tusen takk for turen, Marita
Bygda har teke imot deg og det er eg så glad for
Det finnes ikkje nokon som deg
Du er tøff – og du veit kva eg meiner med det
Stå deg vel!

Vi snakkast og tek ein tur igjen om litt

klem

12 kommentarer

Siste innlegg