BLÅ

 

FRODITHS LILLE JANUAR-MORO

Og nå er det ny uke!

 

Dag 8 = BLÅ

💙🩵💙

🥶

 

 

Dagens bidrag måtte bli eit dikt/tankar om “blå-mandag ” 😅 og eit par BLÅ bilder 📷

 

 

Sukk, så er det påan igjen
Det er mandag
Orkar ikkje stå opp
Må ligge å slappe av
Helga har vore for travel og slitsam og artig,
alt på ein gong,
og det vart alt alt for seint til køys
Seint til sengs og tidleg opp igjen, går ikkje det,
på ein mandag
Blåmandag!

 

Første dagen i den nye veka, og veka er alt for lang allereide
Mandagar skulle ikkje vore oppfunne!
Mandager er berre blå og elendige!
Drage dyna over haude og lukke auge og øyre
Håpe på betre start ut på dagen eller til tirsdag morgon
Å ha det alt for kjekt kvelden og natta til mandag er berre ikkje liv laga
Då blir mandagen blåare enn blå
Stjernene susar rundt i haude, og eg orkar rett og slett ikkje stå opp!

 

~¨~¨~

Blåmandagar, fins dei eigentleg?
Den kunne heilt sikkert heitt rosa-mandag eller raude-mandag eller noko anna
Men, den heiter altså blå-mandag om ein er i rette humøret
Og det er lengje sidan eg har opplevd ein skikkelig blå-mandag
Det måtte være sommaren 1986 då det var karneval ei heil veke i Oslo by
Då gjekk eg på arbeide med glitter og fargar i håret – og det vart kommentert på ein artig måte
Eg har ikkje opplevd så mange andre blåmandagar i mitt liv, og godt er det

 

Mandagar har vore den nye starten på ei ny veke kvar veke i alle år
Og det fortsetter slik år etter år
Mandagar kjem og fer, og vi kan vel eigentlig farge den kva farge vi vil
Blå-mandag er eit negativt lada ord?
Kan være det i allefall
Den elendige dagen derpå
Blåmandag,
vi står i det!

 

Blå blå himmel ein mandag morgon
må no berre være lekkert
Med blått hav så langt du ser
Den blåe himmelen og sola som fargar med gule strålar
Det gir liv
Blåmandag er som å få eit blått auge
DÅ er det blåmandag då
Men eit blått auge vil vi ikkje ha
Så lett på tå stiltrar vi oss inn i mandagen og fargar den med alle dei fargane vi ynskjer

 

💎💎💎

 

Lag deg ein fin fin mandag
Også håpar eg den ikkje er alt alt for BLÅ

 

9 kommentarer

Siste innlegg