DET ER DEN DRAUMEN Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje – at tidi skal opna seg at hjarta skal opna seg at dører skal opna seg at berget skal opna seg at kjeldor skal springa – at draumen skal opna seg, at me ein morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H. Hauge
#renpoesi #poesi #blogg #olavhhauge #morgonstund #draumen #bilde #ellenwisløff
22:58/ han kjem etter og legg seg tett inntil henne/ eg har eit viktig møte i morgon, seier ho/ eg har eit viktig møte akkurat no, seier han.
frode grytten
#renpoesi #poesi #frodegrytten #cappelendamm #ellenwisløff #blogg #møte #tettinntil
JEG FINNER NOK FREM
Døden er ikke så skremmende som før. Folk jeg var glad i har gått foran og kvistet løype. De var skogkarer og fjellvante. Jeg finner nok frem.
kolbein falkeid
#renpoesi #cappelendamm #ellenwisløff #finnerfrem #kolbeinfalkeid #blogg #poesi
Kunde man få knulla för en hundring? sa han till mig vid busshållplatsen klockan 0.42 med de tomma frostiga gatorna omkring oss.
Först skakade jag på huvudet, men sa sen: Inte för pengar, men om du dammsuger och diskar.
Då vägrade han i sin tur och vände sig nedslagen bort för att gå sin väg.
Eeva Kilpi
#renpoesi #eevakilpi #blogg #poesi #knullaforenhundring #ellenwisløff #fotografering
AT DU – At du lo høgt av glede da regnet kom, og den første dropen fall så forunderleg tung og varm og låg på ditt kinn eit sekund eller to –
at vinden som vrengde lauvet så brått opp kring stamma på treet sende ei bølgje av lykke og frost gjennom alt mitt blod –
at dette som ingenting var enno kan følgje meg alle stad, slik at det kjennest som ingenting har hendt med meg sidan da –
berre fordi vi var saman?
Halldis Moren Vesaas
#renpoesi #haldismorenvesaas #blogg #saman #atdu #poesi #ellenwisløff
Lukk auga. Tenk at alt som hender, eigentleg er poesi. Poetiske manifestasjonar du ikkje har fått med deg på grunn av all den praktiske organiseringa av livet. Sosiale, biologiske, fysiske og åndelege forklåringar har vore det som stort sett har vist seg. Då du heile tida har søkt forklåringar. Opn så auga.
kurt johannessen
#renpoesi #kurtjohannessen #blogg #poesi #ellenwisløff #cappelendamm #poetisk #torsdag
MEN KVIFOR Men kvifor snuste du slik på håret mitt Kvifor strauk du meg så lenge over kinna berre for å seie adjø?
marit tusvik
#renpoesi #cappelendamm #ellenwisløff #poesi #adjø #menkvifor #blogg #søndag
Rommet hennar lyser av sms. Ho kan telje 22 stavefeil på fem meldingar. Bodskapen er likevel klar: Verdas største idiot (14) har slått opp.
frode grytten
#renpoesi #poesi #slåttopp #frodegrytten #søndag #ellenwisløff #cappelendamm
TIMING
-Er det ikke litt for tidlig å si at du elsker meg, sa hun -Er det ikke litt for seint å be meg om å la være, sa han
trygve skaug
#renpoesi #poesi #trygveskaug #cappelendamm #ellenwisløff #mandag #juli
LYN OG TORDEN
Eg håper det snart begynner å lyne og tordne slik at du blir redd og gøymer deg under trappa.
Då skal eg kome og halde rundt deg, og når alt er over og du vil ut att, så seier eg: Eg såg eit lyn til.
ragnar hovland
#renpoesi #ellenwisløff #lynogtorden #cappelendamm #blogg #ragnarhovland