ren poesi

 

 

 

AT DU –
At du lo høgt av glede
da regnet kom,
og den første dropen
fall så forunderleg
tung og varm
og låg på
ditt kinn
eit sekund eller to –

at vinden
som vrengde lauvet
så brått opp kring
stamma på treet
sende ei bølgje av lykke
og frost gjennom alt mitt blod –

at dette 
som ingenting
var
enno kan følgje meg
alle stad,
slik at det kjennest
som ingenting har hendt
med meg
sidan da –

berre fordi vi var saman?

 

 

Halldis Moren Vesaas

 

 

 

 

 

#renpoesi #haldismorenvesaas #blogg #saman #atdu #poesi #ellenwisløff

10 kommentarer

Siste innlegg