du tenkjer med deg sjølv; klarte så mykje meir før
du seier det høgt også, til andre….
så bit du det i deg…
og det slår deg;
det er same setninga mor di har sagt så mong ein gong
og du har sagt; at det berre er slik… tida og åra og alderen
det berre er slik
så har du komt dit sjølv altså..
og ser at du ikkje klarar det du gjorde før
alderen
er det det altså
men det kan være så mykje anna i tillegg
veit det
det er berre så rart å smake på same orda du har vore irritert på
“slutt å sei slikt”
“du må då vite kor gamal du er – altså alderen –
det er klart du ikkje klarar som du gjorde ein gong”
og så er du der brått sjølv,
og seier det om deg sjølv
la gå
du klarar mykje uansett
det gjelds å tenkje positivt om det du faktisk klarar
ikkje tenkje på det du ikkje klarar
enkelt å sei
ikkje like enkelt å praktisere
men men….
du er der du er
og du ser og kjenner på kvar grensene går
og dei grensene strammast sakte men sikkert inn…
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
15. august 2024
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
Vakkert og sant
Ikke sant – tusen takk 🙂
Det er litt rart å plutselig være der sjøl 🥰
Ønsker deg en god dag Mette. Klem ❤️
Ja ikke sant…. God tirsdags kveld til deg 🙂 klems
Veldig gjenkjennbart Mette <3
Mhmmm…
Ja, det er slik det er:)
Jepp…