floger – meir floger – mest floger

FEM AV SJU TOPPAR!

 

Ikkje værst det på ein slik varme dag.
Heile fem av sju toppar!

Damer i sin beste alder på tur.

Og bra er det, at nokon har vet til å spørje seg føre….
For hadde ikkje Tove spurt fergekarane som stod der på kaia og skravla – før vi kjørte ombord i ferga, ja, då hadde vi ikkje havna på Sandsøya, men rett og slett på Kvamsøya :-D!!

 

For ingen kunne no tenkje seg at det var VOKSA vi skulle sikte oss inn mot.

For det var EG sikker på,
at det var dit vi måtte ta ferga, til Kvamsøya,
for å kome oss til Sandsøya og SJUTOPPSTUREN,
som vi korta ned til FEM TOPPAR ja.

Men, men, klokare kan ein bli kvar einaste dag,
og kloke vart vi i dag også – fordi nokon visste noko om mobil som var lurt å vite.

Men her kjem turen i bilder – dei 12 kilometera og i overkanten av 21000 skritta vi la bak oss i heitebølge, flogeangrep og uthaldenheit.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Reine modellen 🙂

Og under her peikar Tove mot Dollsteinein/Dollsteinhola

 


Ja, brattare enn ditte blir det ikkje………….

 

Ei havørn sigla forbi og vi var alle betatt……

 

 

 

 

 

 

 

For ein natur – ein kan bli mållaus av mykje mindre.

 


Vi traff ingen andre fjellglade – men ein frosk skvatt forbi oss….

 

Ja der stig fjellet til vers – det som vi valgte vekk i dag.

Vi fant ut at vi ville rekke ferga tidligare enn planlagt – og rekke STEINGODT for ein kaffe og solskinsbolle…..
Men trur du ikkje STEINGODT rett og slett var vekkbestilt og tom for alt det gode………..
Ring fyrst – var rådet dei ga oss.

 

Jeg går og rusler på ringerike – en liten pike på fem-seks år……………

 

 

 

Og her kan du få ro i sjela og ta ei overnatting om du følar for det.
Kostar ikkje så mykje, og du kan også leige krokar og ta med eiga hengekøye.
Ikkje dumt nei.
Iallefall om ein ikkje rekk fergå…..

 

 

 

 

Steingodt eller ikkje…………

Ein fantastisk tur over fjella i dag – sjølv kor plagsomme flogene var på mykje av turen….
Ein overlever det meste i godt lag……

 

Tusen takk for turen, Tove og Inguna!

 

 

Ja, det må seiast, at turen eigentleg skulle gå til URKE og URKEEGGA – men pga “styrtregn”-meldingar i indre strøk – med tilslag av både lyn og torden – ja då foretrakk vi ein tur i dei ytre strøka.

 

 

 

#fjelltid #Sandsøya #topptur #damerpåtur #sommervarme #12kilometer #utpåturaldrisur #fotoglede #hobbyfotograf
#natur #utsikt #onsdag

6 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg