tankespinn inn i dagen….takk skal du ha

 

God morgen Norge!

 

Du veit at den kjem, eller, kanskje tenkjer du at den ikkje kjem, for du er så forsiktig
Du er på toppen av ditt beste for tida
Det herkar her og der, men det er så vagt
Alt går sin gang og du hentar deg inn kva tid det skulle være
Mestringsfølelsen, som du takkar for kvar einaste dag, nesten

Litt slik “hengande i eit snøre” utan å vite det,
til snøret ryker og du faller med ein smell
Kva var det som skjedde der
Og fortumla som du er, klarar du ikkje innhente tråen med ein gong
Men du forstår det, og veit kva som gjorde at snøre røyk så inn i hampen, på ein to tre
Strikken var tøya til det ytterste og klarte ikkje belastninga meir
Denne gongen gjekk du for langt i dobbel forstand
Og du veit det og du visste det, men tok sjansen
Du ville og du maktet og du klarte det
Men det kosta en ny nedtur

Turen til Mosvarden kosta det som no er realiteten
Smerta og kvalmen har tatt overhånd
Energien er som blåst
Korleis kunne dette skje
Ja du verden, det skal ikkje mykje til for å forstå det
Innenfra – og advarselen gjaller i øyrene – “ikkje overdriv no då”
Men utenfra er det kanskje ikkje så forståelig
Det går alltid i bølger
Og siste tida har bølgene vore lave og rytmiske – gode

Det er ikkje mykje som skal til for å øydelegge rytma
Alt dette er kunnskap
Og du går rett i baret
Og med eit brak så det synger rundt øyrene
Så takk skal du ha, enno ein gong
Høgre sida er heilt på skeiva… jaja det går seg til

Takk for at du er for ivrig i alt du gjør….
Det er alt eller ingenting liksom…
Litt har det vorte betre på, i nåkre område kanskje
Læretida – roe ned meir – er der… men ikkje nok enno
Overkøyre advarslar – ikkje lytte til kroppen – tenkje at ditte går – ignorerar smerta som ligg og ulmar…

Sånn er det å være kronikar
Eller, sånn KAN det være
Og slik har EG det – og har det akkurat no
Litt slik “knust krabbe” og vàr for støy
Då er det dette med å beskytte seg
Skjerme seg og trå varsomt

Hjelper kanskje lite at badet er i opp-pussingsfase no då…
hehehe  alt går!
Ditte også!

 

 

DAGENS BLOGGER:

 

Plass nr. 75 = Norgeogverdensnytt

Plass nr. 96 = Verdeninvaarehjerter

Plass nr. 25 = Fruensvilje

 

 

Det er snø ute igjen
Det ligger som eit kvitt teppe rundt oss her oppe i Varleite
Dagen har nett starta og eg trur den blir fin
Det blir mykje bråk i huset – ja med badet som skal strippast for flisar og slikt…. så eg tek meg ein tur ut eg då – og nyter stillheita frå naturen

 

 

Tilbakeblikk til same dato åra før:

 

23. april 2016 – våren er her – Mr Sniff og snø

 

23. april 2017 – sitat 

 

23. april 2018 – regnet gråt for meg – pollensesongen…

 

23. april 2019 – poncho – fri fantasi og egen oppskrift – strikkeglede

 

23. april 2020 – ingenting blir som før – tankespinn – mine dikt og bilder

 

23. april 2021 – den gode morgenen

 

23. april 2022 – urettferdig – mine dikt

 

23. april 2023 – tåle – mine dikt

 

 

Stå deg vel inn i dagen og forbi

 

4 kommentarer
    1. Det må være vanskelig å være kroniker-
      Men allikevel klarer du å se fremover, å være positiv! ❤️

      1. Ja det er vanskelig. Meir vanskelig enn eg hadde sett for meg… men så veit vi ingenting om framtida – så en dag av gangen – og av og til baler det på seg med fleire dager om gangen… pytsan 😀 klems og tusen takk for gode ord 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg