urettferdig…

 

Er det lov å seie det; urettferdig…
Du ser heile verda  som ei klinkekule – jorda er rund og vi balanserer på kanten
Rike og fattige om ein annan
Nokon er født i det gode selskap mens andre vandrar rundt i dårlegare kår
Og eg seier at eg er glad og takksam for at eg er født inn i akkurat denne delen av verda..
Urettferdig… det kunne like godt vore eg..
Eller du…
Som ikkje hadde vatn eller tak over hodet, eller hadde rett til skulegang eller talerett..
Teie heile livet og ikkje blottlegge seg for nokon

 

Gøyme seg bak i mørket, eller er det friheita som ligg der…
Urett eller rett – eg er her og du er der og vi kjempar kvar vår kamp
Mens nokon ikkje veit kva det vil sei å kjempe
Ikkje tek opp kampen for noko
Heile verda,  ei lita klinkekule
og om du mistar den,
er du fortapt…

 

Meinhalde,
passe på så den ikkje  brister,
eller får skarpe kantar,
skadar eller blir knust
Heile verda ei lita kule
Eg er her og du er der og nokon er midt på
eg trur at eg er midt på…
Og eg klamrar meg fast

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost fra 28.05.21)

 

#repostminedikt #tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

 

12 kommentarer

Siste innlegg