regnet gråt for meg


POLLENSESONGEN

Når man er heilårs-allergikar…….
 


Og gløymer litt alvoret i våren
og alt som spretter ut.
Bjørka er komt eit stykke på veg
her på disse kantar.
Eg har augedråpar, allergitablettar og nasespray året rundt, men klarar meg utan, frå februar og til hausten, om eg tek allergisprøyta og brukar Ventoline inhalasjon.

Tok allergisprøyte i starten av februar, då eg merkar ting i lufta og augene hovnar opp på denne tiden – kvart år.
Så går det sin gang.

I det siste har eg merka at sprøyta ikkje virkar lenger
og har fått ei ny på resept som eg skal ta –
i starten på mai – tenkte eg.

Ventolinen ligg der,
og eg hoppar over den fordi eg tenkjer det går bra.

I dag tok eg nasespray og ein allergitablett,
og gjekk tur med hunden.

Tenkte gå til Børa.
Og eg så gjorde.

Men, det vart ein vond tur.
Halvvegs opp fra gjerdet og mot Børa, vart det tyngre å tyngre å puste.
Det sat som ein stein over brystet og det var ikkje noko greit.
Fekk vondt i magen.

Hadde snakka med Marie på messenger, så ho visste eg var ute og gå.

Eg ville fullføre turen.
Sta som eg er.

Eg har ikkje opplevd det slik før.
Eg har måtte ta Ventoline på fjellturar før,
men eg hadde den ikkje med i dag…..
Typisk……


Jauda………
Men snu er ikkje tingen……..
 

 


 

Det var godt å kome opp til toppen.


Så gjekk vi vidare nedover, hund og menneske.

Det blei liksom ikkje noko bedre.
Det gjorde vondt i bryst og mage.
Pusten hørtes ut som hvesing fra eit eller anna….

Og eg hadde lyst å berre gråte.

Men gråte kan eg ikkje gjære
for då blir det tettare og tyngre liksom.
Så då det begynte å regne, tenkte eg at regnet gråt for meg.
Kunsten blei å forholde seg rolig og ikkje få panikk pga pust.

😀

Sånn kan det gå.

Syntes litt synd på meg sjølv i augneblikket, men  berre å gjere seg klar for pollensesongen.
Dette som er den beste tida i året, blir av og til den værste for meg som allergikar.
Men så gløymer ein fort, når  det går seg til.

Og eg har fått i meg ein dose Ventoline!

#allergi #pollenallergi #bjørkepollen #vår #allergimedisin #pollen #tungpust #pust #fjelltur #fotografering #bilde #natur

24 kommentarer

Siste innlegg