vi seier ikkje sĂĄ mykje

 

Vi som har gått i dei mørke koridorane
og veit kor lett det er ĂĄ gĂĄ seg vill
vi seier ikkje sĂĄ mykje.
Vi veit kor hĂĄrfine grensene er.
Vi roper ikkje så høgt
om det ĂĄ snakke med nokon
vi veit at orda ikkje er der.
Og vi veit at det er den handa
som heldt tak i oss pĂĄ kanten
og den som delte natta vĂĄr
og var der i rette stunda.
Det var den som var berginga.
Ikkje lyset som kom sidan.
Ikkje gleda som gjenoppsto.
Vi er stille no her vi stĂĄr.
Vi som kom gjennom og ut.

Bente Bratlund

 

 

 

#vierstillenohervistår #bentebratlund #visomkomgjennomogut #deimørkekoridorane #gåsegvill #hårfinegrensene #berginga #lyset #dikt

4 kommentarer

Siste innlegg