Her ser vi varden på Leinehornet.
Ystevika i kvalsvika.
Et flott fyr ved Christineborg på Runde. Veldig fin tur ut dit, og du finner fred og ro der.
VENNSKAPETS KRAFT
Du har kjørt den same vegen heile livet.
Du kan den i blinde.
Ingenting har enno stoppa deg eller sperra vegen for deg.
Heilt til du ein dag ikkje kjem deg fram.
Vegen er blokkert.
Du stoppar opp.
Du kavar i blinde, og finn ikkje vegen du kjente så godt.
Du ropar på hjelp, men det er ingen som høyrer.
Stemma er for svak.
Du ropar igjen.
Litt høgare no, men ingen høyrer ropet ditt om hjelp.
Du går inn i deg sjølv og leitar etter vegen.
Kva var det som skjedde?
Kvifor høyrer dei ikkje?
Så, langt i det fjerne, du høyrer stemmer og latter.
Eit lysglimt så svakt i det fjerne.
Du ryddar deg veg og kjempar deg fram til du oppnår ei sprekke, og ser.
Dei du trudde du mista, dine nærmaste venner, kjem mot deg med lys i si hand.
Viser vegen du ikkje kunne huske, og du trudde du hadde mista for godt.
Du trekkjer pusten djupt og tek enda eit skritt ut i lyset.
Du skimtar vegen, kjenner deg igjen og kjenner vegen igjen.
Krafta i vennskap gir deg styrke.
mette josteinsdatter kvalsvik
november 2012
#minedikt #vennskapetskraft #blokkert #blogg #dikt