oter og mink


UTETID
OG
TUREN GÅR TIL RUNDE

Det er vind, men ellers ganske så opplett.
Gode kle og sko er kjekt å ha 😀

I dag har vi sett både Oter og Mink!!

Men….. så sjølopptatt som “vi” er, så dreiv vi med sjølfotografering  (iallefall så gjorde matmora det) mens Leia var meir om seg.
Både selfier og krypande langs marka etter flotte motiver, holdt matmor på med.

 Matmor såg Oteren kome pilande over marka og Leia rakk å springe etter, da ho var laus her på morgenturen mot Mulevika.
Ein flott oter som fekk farta opp, og ei matmor som fekk hysterisk anfall og såg før seg kamp og skader på hund……
Men matmor klarte plystre hunden tilbake der han fekk på seg band, og var i sikkerheit.
Stakkars oter som sprang for livet.
Stor og fin var han 😀

Så kom vi oss ut på Runde for ein lengre tur.


Parkert bilen rett etter brua, og vil gå ned til stranda fyrst.
Det er så mykje flott i fjæra. 
Ja, iallefall synes eg det.
Sandformasjonar og motiver i alle retningar.
Og det gjer det ikkje bedre med ein flott hund som ruslar rundt heller.
Leia blir fotografert kvar einaste dag 🙂


Flotte sheltien <3


Fantasien lenge leve!


Ho poserar so flått som berre det 🙂
Og her ser ein litt av Rundebrua, Nerlandsøya, og kvalsvika til høgre.

Vi ser heim 🙂


Nydeligaste fargane ute i naturen no på hausten.


Ein kan rett gløyme at ein skal gå tur med alle motiva her ute.


Men no er vi i siget, og målet er den nærmaste moloen.


Så er vi her!


Det er fint å gå her.

Og når vi sit her på moloen, i ly for vinden og matmor leikar seg med fotografering, kjem det ein svart flotte mink springande over og ned i steinane, rett framføre oss.
Leia er klar for jakt men neida, ho er heldigvis i band og minken, ja den forsvant 🙂

Så rusla vi tilbake til bilen.
Litt friskare med vinden og litt regn i tillegg.

 

 

 

 

 

#Runde #mink #oter #natur #molo #høstfarger #aktivitet #hundenLeia #dagen #utpåturaldrisur #fotografering #shetlandsheepdog #hobbyfotograf

 

14 kommentarer

Siste innlegg