ren poesi

ÅLEINE

Første gong eg var åleine
med deg
var eg redd.

Nå er eg redd
for å bli aleine
utan deg.
Slik kan det gå.

Det tenkjer eg på.

Tenk å bli redd
på ein så god måte.

Forresten er det berre deg
eg tenkjer på nå.

Slik kan det gå.

Einar Økland

 

 

 

 

#einarøkland  #renpoesi #ellenwosløff #cappelendamm #blogg #bilde #sikkandetgå #poesi #april #åleine

18 kommentarer

Siste innlegg