Når du kjenner på ei slik stor sorg
Den kjem snikande over deg og slår deg ut
Det riv så hardt innvendig at du får lyst til å skrike ut,
av full hals
Sorga er så ufattelig sterk
Du grip om deg, og tårene trillar
Korleis kan nokon kjenne sorga di, når dei ikkje veit kva den er
Sorga, som ein brottsjø, og du kavar for livet,
for å puste
Samankrølla sit du,
mens tårene fortsetter å renne
Sorga, så uendelig,
og så tung
Grepet rundt deg slipper sakte,
og du sit som lamslått
Korleis kome vidare
Korleis
Tusen ubesvarte spørsmål
Ein indre kamp mot alt det vonde
Sorga
Både god og vond på same tid
Følgesvenn på mange måtar i forskjellige faser av livet
Ei sorg for så mykje
Ei sorg for så forskjellig
Noko anar du konturane av,
og anna ikkje
Sorga sig sakte av,
og du har funne kontroll på ditt indre igjen
Sakte men sikkert
Tårene renser –
det å la bølga få fritt spelerom, skylle over og sakte ebbe ut
Denne gongen vart det slik med sorga
Ein indre kamp du sto av
Sår har blitt rensa og tonkane sortert
Du pustar roleg inn og ut
Ei tåre renn ned og du kjenner deg utmatta
Ei sorg for så mykje, renner ut av kroppen
Tida leger alle sår, seiast det
Du trur ikkje heilt på det
Det kjennast ikkje slik ut
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
31. juli 2025
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt




Godt skrevet.
Tusen takk 😊