ikkje gjere feil

 

 

du er i fin driv
også gjer du ein feil
ikkje med meining sjølvsagt
men det blir feil
om ikkje noko blir ytra, visast det i ansiktsuttrykk og auge
misnøya med tidkrevjande sekunds korrigering
unnskyld og beklagar
men saka er at du ikkje skal gjere feil
du står att litt nedsunken og må hente deg inn
redsla for å gjere feil er stor
men det er vel menneskeleg å gjere feil
ikkje sant
du er i stadig læring
vi er alle i stadig læring
redde for å gjere noko feil
ikkje sant

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
november 2025

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg