“du går heile tida”

 

“Du gjer ikkje noko anna
enn å gå du.”

 

“Du går heile tida.”

 

Har du eit problem
med at EG går heile tida?

 

Kvifor seier du slik?

Kvifor brukar du din energi på det;
at eg går så mykje?

Kvifor?

 

Fokuser på deg sjølv!

 

Ikkje på at EG går så mykje.

 

Kanskje er det ein grunn
eller tre til at EG går “så mykje”

Kanskje er det ein eller fleire
grunnar til at eg har
ANLEDNING
til å gå så mykje?

 

Eg kunne seie eg er takksam
for dine tankar om/for meg,
men bruk heller energien din på noko anna.

 

Eg går fordi DET gjer meg godt.
Og, eg lever her og no!

 

Enn du?

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
21.10.18

 

 

 

 

 

 

 

#minedikt #blogg #enndu? #dikt #dugjerikkjeannaennågådu #kviforseierduslik #mestring #revmatisk #artrose #fibromyalgi

12 kommentarer

Siste innlegg