til deg

 

 

 

Ein klem til deg !

For det er alltid nokon som trenger ein klem.

Ingen dag er lik.

Jau, forresten, nokon dagar er så like at dei ikkje kan skillast frå kvarandre.

Man går i eit med dagar og tankar,

og får seg ein overraskelse når ein oppdagar tid og stad.

Tida flyg eller tida går som sirrup.

Men du trenger ein klem.

Både eg og du trenger ein klem.

Og om ikkje den fysiske tilnærmelsen; så den synlege.

Du trenger eit smil.

Og du får eit smil.

Eit smil til dagen.

Eit smil som gjer at du klarar nokre skritt ekstra.

For vi trenger alle eit smil.

Heller det enn null mimikk og engasjement.

 

“Har ikkje tid”.

Det er så trist.

Og vi er ALLE der – vi har ikkje tid.

Fyker av stad for å rekke både eine og hint.

Men vi har tid!

Vi har tid til eit smil.

Å gi nokon varme tankar – og DU får varme tankar!

Vi trenger alle at nokon gir oss varme tankar av og til.

Det er godt å vite at nokon tenkjer på ein.

Det er så godt!

Eg tenkjer på deg – og eg gir deg eit smil og ein klem!

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
15.10.19

 

 

 

#smil #klem #varmetanker #etdiktomdagen #minedikt #psykiskhelse #varmatankar #tankarblirtilordogordblirtildikt #blogg

8 kommentarer

Siste innlegg