gamle dagar

 

 

ØYRENE PÅ SPISS

Eg sat med vidüpne auge og øyrene pü stilk.
Pappa fortalte frå “gamle dagar”.
Om tida dĂĽ skule var vekk-kasta tid og arbeidslivet venta.
Dü juleevangeliet var eit høgdepunkt pü julafta, og maten pü bordet ikkje var ei sjølfølge.

Ja, eg sat ofte og lytta, og sĂĽg for meg alt han fortalte om.
Det var historiar om oljelampar og forbodne radioar.
Det var forteljingar om krig og framandfolk.
Usikkerheit og alvor.

Eg sat med store auge og øyrene pü spiss.
Eg levde meg inn i den tida han fortalte om.
Dü platespelaren mütte sveivast igong og søndagane var heilage.
Ja, eg hadde øyrene pü spiss og fekk sü mange forteljingar.
Og eg tenkte sĂĽ ofte, eg skulle vore der dĂĽ.

Augene som tinntallerker mens forteljingane kom.
Om pliktar i heimen, kortbukse, og alt som gjekk i arv.
Der fjellet var arbeid og inga glede.
Fjellet bar torva han henta med hest.

Eg sat der og høyrde, med vidüpne auge og øyrene pü stilk.
Om arbeid og ulykker, gode dagar og sorg.
Om samhold og familie, om alvor og spøk.
For spøk var det mykje av, opp i all denne alvora.

Mykje som skjedde i beksvarte natta.
Med augene pĂĽ stilk og vidĂĽpne auge.
Eg ville høyre og høyre, men no var alt stilt.
Han som fortalte sĂĽ levande billedleg, har fortalt no, sin siste historie.
Berre minna er att om forteljar og hans tid.

Den mü ikkje gløymast, den tid som er forbi.
Det er sĂĽ godt ĂĽ kunne ha denne kjennskap.
Om oljelampar og grammofonar og om straumlause hus.
Om kampen for dagen og kampen for samhald.
Kampen for friheit.
Vi mü ikkje gløyme.

 

mettekvalsvik

 

 

 

#minedikt #gamledagar #øyrenepüspiss #oljelampar #straumlause #blogg #bilde #fotografering #lørdag #januar #vimüikkjegløyme

24 kommentarer

Siste innlegg