nøkkelen…

 

Når du vil så mykje – og er på god veg
Det einaste du ser der framme er stjerna som skin i det fjerne
Dit vil du rekke
Inne i den gode stimen – det brenner nesten under føtene og alt er på skinner
Glede og iver kjempar om plassen
Stjerna er så nær og alt ser lyst ut
Perfekt!
Gapar over det som kjem i din veg,
klarar og meistrar – det strålar rundt,
og gnistrar av kampvilje – dette klarer du – dette går vegen
Endeleg løysnar det og forma er på plass
Klar for det meste!

 

Så kjem det sigande noko rundt ein sving, som var fortrengt
Du forstår ikkje heilt
Kva er det som skjer
Sakkar akterut og får problemer
Det er noko som herkar og ikkje spelar på lag
Det går ei lita tid før tankane er på same bølgelengde som resten av kroppen
Ein nedtur tok deg igjen i svingen
Kroppens varselklokker overdøyvde over så lang tid
No susa alarmar gjennom systemet og stjerna blinka ikkje så nært lenger

 

Når du vil så mykje
Og det nesten tek fyr under føtene i iveren etter å meistre –
å være ein del av noko
Nøkkelen du hadde funne, var gløymt, i all gleda og pådrivet inn i det nye
Smerta og nedturane høyrde fortida til…
Starte litt på nytt og leite fram nøkkelen – kanskje ein ny nøkkel må til
Du meistrar – men ikkje alt du vil – på same måte som før
Nøkkelen er aksepten for den ein er i dag

 

Usynleg sjuk
Tonkane som kjem og fer om livet og dens bane
Alt som var og alt som er
Det ytre som alle ser og det indre som ropar ut
Usynleg – eit monster som et deg opp – som du ikkje vil mate –
men allikevel finn sine vegar og tappar deg for krefter
Når du vil så mykje – og er på god veg
Balanse i livet…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
25.08.22

 


#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen #eindelavnoko #fibromyalgi #usynligsyk #nervesmerter

5 kommentarer

Siste innlegg