Morre…
Det var navnet på ein katt eg og vi hadde som små
Ein katt vi hadde i famila vår – og den “morra/malte” så fælt at den vart kalla akkurat det
Morre
Svart og kvit
Kattunger fekk ho også…
Låg så fint i ein ball på gulvet eller i stolen eller bak knena til pappa, i sofaen
Eg stod stolt fyrste skuledag, med Morre i armane
Morre og den raude ranselen
Det er så fint med kattar
Dei gjer “nesten” alt du vil
Endatil trille dei i dukkevogna
Vi hadde Gråkatten også, og kattemora
Kattemora vart skoten – ja ho skulle avlivast fordi ho var sjuk
Men kom heim dagar seinare, med to skot i ryggen
Mamma pleia katten dygnet rundt – men katten vart “mannevond” etter det
Gråkatten berre forsvant
Morre kom heim oppreven i buken – var det ein mink som gjorde det`?
Då vart det ikkje fleire kattar i huset på ei stund
Morre var absolutt den finaste… som vart fødd med rart ganglag og skeivt hode
Ho klarte seg lenge ho
Morre
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
kos med katt. Mormor hadde en del mannevonde katter. Tror de kom fra villkatter 😬
🐈🐱
katter er fine dei ,men 2 skudd i ryggen ,hvem gjør det ? men slik er det i dag også ,mennesker som skader dyr bare på gøy ,trist
Ja — dette er 40 år siden eller enda lengre siden… og katten vår var syk og skulle avlives… lite visste vi… men den kom hjem 🙂
Det er koselig å ha vokst opp med dyr! <3 vi bodde forkjært sånn, rett ved store, skumle E18, så vi hadde undulater…… 🙂 klem
Undulater er også fint 🙂