den gode kvite pelshua mi – og handlenettet heimafrå
Når eg tenkjer meg om…
og det blir ein lang tanke
Ja, for det blir heilt tilbake, femti år
Oooops – er det så lenge sidan eg byrja i fyrste klasse
Ja, for det var den våren og den sommaren som var springbrettet inn i skulen
Og kor eg gleda meg
Både eg og dei rundt meg gleda seg
Nokon grudde seg også, sikkert nåk
Eg smilar og tenkjer på intervjuet eg var med på, i lag med ein som var like gamal
Kva var tonkane våre om det å byrja på skule
Og vi stod der med kvart vårt ærend
Eg skulle handle for mamma – det skulle være ball til middag
Han skulle nord i garden til besteforeldre
Tenk så lenge sidan det er – også føles det så nerme…
Tida flyge og vi med den som eg brukar seie
Nostalgi – eg fylte nettopp femti
Og er like redd for sprøyter i dag som den gongen der
Og no er det femti år sidan eg byrja på barneskulen
Og kor eg elska det, å gå på skulen og være i lag med dei andre
Det var på godt og vondt det
Sjalusi, krangling, baksnakking, erting, mobbing, latter, glede, gråt, hat, sorg, sinne, tristheit, kjærleik
Det var så mykje som utspant seg blant oss jentene
For det var vi som leda an
Vi var ikkje like gode og snille alltid
Læringskurva har vore bratt til tider
Men så har ein komt dit ein er i dag, og kan tenke tilbake på alle disse åra
Det er ikkje enkelt å være barn, det er heilt sikkert
Og ikkje var det enkelt å være tenåring, det er like sikkert
Om det vart vanskelig å bli vaksen?
Ja, det vart det også
Vi vart forma langs med – med oppdragelse heimafrå og frå bygda ellers og alt anna med påvirkningskraft
Så tok vi valga sjølve etter kvart – også det på godt og vondt
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
4. april 2024
#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen
Så herlig bilde av dere! Ja, tiden går så fort, årene bare flyr! Nyt helgen ❤️❤️🥰🥰
Tusen takk 😃😊🙏
Jeg må le 😀 Leste at du grudde deg fordi du var redd sprøytene. 😀 Som om det var det man gjorde mest av på skolen 😀 Barn er morsomme 🙂 Rart at det er så lenge siden. Men det er da vel ikke 50 år siden for deg, du er vel litt yngre enn meg, er du ikke? 😮
Ikke sant 🙈🤔😁🙏 den sprøyta var skrekkens historie det…. og pirque 🙈😁
Njaaa tiden flyr vettu😅🙃
For et fantastisk tilbakeblikk. For et herlig intervju. Barndom… Skulle ha utstilling på museet om barndommen, leiker – men det blir ikke til sommeren. Den blir litt senere. For barndommen er så stor, selv om den egentlig er kort. Klem <3
Barndommen er stor selv om den er kort ❤️ Tusen takk 😊
For et koselig avisutklipp og et herlig bilde altså! Jeg smiler godt her nå…. godklem <3
Tusen takk 🙏😃