å gjere seg betre enn ein er… tankespinn..

Tankespinn

 

På ein måte går eg i same fella gong på gong…

 

 

Den heile fulle sanninga.
Eg gjer meg korkje betre eller verre enn det eg er.
Eller, jau, eg gjer meg nok ofte betre enn eg eigentleg er.
Men ikkje værre enn det eg er…
Og mens kroppen ropar og ropar og ikkje får svar, for eg høyrer ikkje kva den ropar etter.
Eg vil ikkje høyre..
Mestre det meste, arbeide det eg klarar, være sosial og gå alle slags turar og styre heime.
Og det klarar eg, mykje på grunn av at eg ignorerar ropa..
Eg meistrar, er sterk og eg VIL!
Eg vil mykje!

 

 

Så kjem smellen!
For den kjem…

 

 

Også står eg der, midt i smerta, og veit korkje fram eller tilbake.
Eller, jau, eg veit både fram og tilbake, men har enda ein gong gått for langt.
Fordi eg ikkje vil vedkjenne meg at eg ikkje klarar.
Fordi eg klarar, om du forstår.
Men det går ut over så mykje, på long sikt.
Også står eg der igjen, midt i smerta,
og må krype til korset og starte på “hestekuren” med prednisolon,
fordi det er DEN “gifta” som tek vekk brodden som har fått vakse seg god og sterk…
Vondt skal vondt fordrive, eg veit eg har sagt det og seier det,
og for det meste meinar eg det også..
Men eg ser jo den eg og, at den kan ikkje fordrive alt.
Mykje klamrar seg fast og vil ikkje gi slepp…

 

 

Det blir liksom ein ny nedtur.
Repitknappen har hengt seg opp..
Ein nedtur som ikkje går så longt ned fordi eg veit å handtere det.
Eg veit å handtere smerta.
Men eg veit ikkje å handtere ropa og protestane i førkant.
Dei ignorerar eg som best eg kan, til eg står og stampar i gjørma og ikkje kjem korkje fram eller tilbake..
På stedet kvil…

 

 

 

 

Slik det er å være kronikar, eller ha andre ting å handsamast med,
som ein veit ALDRI forsvinn.
Som ligg der og triggar.
Bestemmer kvardagen din, gjeremål du har i sikte og kanskje må kansellere.
Men så er det slik at ein ikkje skal ta sorgane på forskot.
Eg seier det til andre og seier det til meg sjølv,
at ein ikkje skal ta sorgane på forskot.
Men, er ein inne i ein bølgedal med smerte og nedturar, ja då tek ein det meste på forskot….
Det er så enkelt å gi råd men det er ikkje alltid like enkelt å overhalde dei.

 

Det er dette med å beskytte seg.
Lære seg teknikkar der ein klarar beskytte seg sjølv når alt røynar på.

 

 

Då er det dette med å ha sine egne metodar.
Finne det som er bra for kvar og ein.
Kva kan ein sjølv gjere for å halde motet oppe?
For ikkje å dette så monge trappetrin nedover mot mørket.
Metodane for å klatre sakte men sikkert opp, og meir eller mindre halde seg der.

 

 

Det er ikkje enkelt.
Og eg trur meg sjølv heldig, som har den evna å tenje positivt sjølv i det mørkaste.
Åh jau eg har mine stunder i mørket, men som eg seier, eg tillet det ikkje å bli for long tid der.

Eg innhentar det positive og legger håpet framom meg.
Legger lyset framom meg og går den vegen, mot lyset.
For meg er det ikkje noko anna valg, enn å leve med lyset og håpet.
For smerta er der, og kjem muligens til å alltid være der.
Håpet og lyset, det må ein ta tak i, velge det, og sjå framover.

 

 

Ingen andre veit kva eg snakkar om,
enn dei som sit i same situasjon sjølv.
Det er heilt sikkert.
For så mange håplause kommentarar ein kan få, det må kvar enkelt stå for sjølv.
Uvitenheit over for nokon som slit med helsa og psyka…..
Det er berre slik at ein ikkje forstår det før ein er der sjølv.
Og eg unnar ingen å kome i ein sitausjon der ein må velge vekk arbeid, det sosiale,
fordi ein ikkje klarar.

 

Ein finn sine vegar.

 

 

Ein finn kven ein kan stole på, og kven ein ikkje treng bruke så mykje energi på.

 

 

Kvar og ein må ta tak i eige liv.
Ingen andre gjer det, det er ditt ansvar, men ein kan få hjelp på vegen.
Fortida spelar inn – og den kan ein berre akseptere som den er.
Tenkje på den, sortere, putte i båsar, og sjå framover.

 

 

Fortida har gjort sitt.

 

 

Det ein må fokusere på; notida.

 

 

Stå i den så godt ein berre maktar.
Om det blåser dei sterkaste orkanar, gå med krom rygg imot
og sakte men sikkert rette seg opp etter kor vinden løyer.

 

 

Det er håp for oss alle.
Kronikar eller anna…
Og det er håp for deg som ikkje har ei plage i livet!
Tenk kor heldig DU er.
Eg skulle ønske…

Og det er då EG er takksam for at eg har det eg har,
forstå meg rett.
For eg kjenner til så monge som har heilt andre ting å slite med,
enn akkurat ei leddgikt-diagnose eller ei fibromyalgi-diagnose om du vil…
Det som er mykje meir alvorleg.
Det er snakk om å overleve her!

 

Eg velger å sjå det positive i det meste, fordi eg kan.
Eg har trua på dei gode dagane sjølv om eg stampar i seig gjørme for augneblikket.
Det er  ikkje alltid slik!

 

Også gjer eg meg litt betre enn eg er 😀

 

Er ikkje det flott då?!
Å sjå det positive, for det meste.

 

Og i det,
ei velsigning over å elske utelivet – naturen med all den kunst den gir fra seg.
Eg gleder meg over dagen, årstida, lyset og mørket, og ser fram mot nye tider i det nye året.

Akkurat no er det ventetid fram mot jul – det er vinter sjølv om det spirar her og der.

Jepsipepsi – eit tankespinn som kom til frå dagens tur over Hornseten og Heid tursti.
Takknemligheita over å meistre det å gå.
Det å sjå, virkelig sjå naturen.

STÅ DEG VEL!

 

 

 

#hornseten #heidtursti #fibromyalgi #diagnoser #positiv #stådegvel #utpåturaldrisur #tankespinn #natur #hundenLeia #sjølfie #tankespinn #håp #sjålyset #værepositiv #ågjeresegbetreenneiner #minhelse #dinhelse #helse
#fotoglede #hobbyfotograf #utsikt #mørket #såkjemsmellen

14 kommentarer
    1. Tankespinn… Mener det er viktig, prosesser, ting som må gjennom systemet. For å komme videre. For det som er vakkert og godt. Tror det er en gave å være positiv. For en sjøl. Se det som er fint. Det lyse. Jeg likte å vandre inn i skogen din med orda dine. Følte jeg skjønte dem godt. Følte jeg. Er ikke så lett å tolke grenser, sin egne grenser. Når en vil så mye. Ønsker deg en god tur oppover igjen. Av og til må en bare akseptere gifta. <3

      1. Ja gifta styrer på…. og den merkes og gjør godt også…. hehehe Så bra at du vandret i skogen <3 Nei grensene er ikke alltid enkle å tolke og jeg har en tendsen å trekke de ut – til det går hakket for langt………… klem

    2. et godt innlegg ,det viser oss att det er mulig å leve et godt liv selv om det ikke er like godt hele tiden ,jeg forstår deg godt .Ting i livet er ikke like enkelt å fokusere positivt på ,men en kan alltid si ,ALT BLIR BRA og ja det er mange som sliter mye ,der det handler om å overleve ,så her var det mye godt å ta inn over seg ,få oss til å tenke :=) ha en fin kveld da

    3. Veldig bra innlegg, og godt skrevet. Er ikke enkelt det der.
      Og om vi vet selv hva vi orker og ikke orker, hva som trigger og ikke, så er det ikke så lett å styre dagene så det ikke blir så ille. Så lenge jeg har to andre nær meg som alltid har det værre, og trenger mer enn meg, så blir det jo til at jeg gir og gjør over evne stort sett hele tiden. Hjelper ikke hvor mye fagfolk sier at jeg ikke skal gjøre si og så. Jeg får bare ikke til å ikke gjøre det, selv om hele meg skriker i protest….det synes jo ikke utenpå.
      Så jeg vet ikke helt hvordan det skal gå om jeg blir værre, men ting ordner seg nok etterhvert, ikke sant? Heldigvis er jeg litt som deg, klarer å finne positive ting oppi alt som skjer, nesten hele tiden 😉
      God klem til deg 🙂 <3

    4. Jooo…. det er bra å late som….. men, egentlig ikke! Du får jo bare dobbelt stopp når kreftene tar slutt! Du er en så positiv og glad jente, og jeg skjønner at det er vanskelig å ta hensyn til seg sjøl når det er mye en vil gjennomføre! Ta vare på deg! Goooood klem 😘😘

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg