Ferga. Inn og ut ein fjord – ut og inn ein anna fjord, opp eit fjell, over eit fjell, ned eit fjell og lange vidder – mot eit mål for å gi ein klem – gi litt støtte og “berre være der.” For nokon som betyr så mykje og som treng nokon akkurat no.
Prate, le, gråte og bare være stille………….
Venninner <3
KornĂĄkrar pĂĄ begge sider, tidleg morgon og det er tid for retur. Morgondis og soloppgang. Inn og ut ein fjord og ut og inn ein anna fjord. Opp eit fjell, over eit fjell og ned av eit fjell. Ferge. Heimreisa.
Tenker du noen gang over at du sitter og dingler med føttene på planeten, Jorden. Av alle planeter i verdensrommet, så er det Jorden som er den beste plassen å være? Vi bor på en klode som svever rundt i atmosfæren. Ei kule – rund som en klinkekule – og vi bor på den. Egentlig, om man begynner tenke MYE på dette, så er det veldig veldig rart. At vi klarer bo på kloden, og gjøre alle de tingene vi gjør. Bil, tog, fly, mennesker, dyr, planter, trær, sjø og vann, hus skyskrapere….. alt vi har plassert på denne planeten. Alt vi har bygget og dyrket frem…….. er det meningen at det skal være slik på denne vår Jord? Alt vi har plassert – om det en dag tipper over. Sklir over kanten? Ingen vet. Det er helt sikkert. Ingen har fasitten til hva som SKAL være på denne kloden. Vi prøver oss frem hele tiden.
Eg tåler så vel mykje smerte for å nå ein topp. Eg tåler så vel at dagar værte dårlege. Eg tåler så vel at eg brytast ned. Eg tåler så vel å bryte meg sjølv opp igjen. Eg tåler så vel nedturar – fordi eg kjem meg opp igjen. Eg tåler så vel kvardagen – for eg har lært meg til det. Eg tåler så mykje – men eg tåler ikkje din kritikk.
Â
Tankespinn og i fokus er USYNLEG SJUK.
Â
Det DU må tåle kvar dag, men som EG mistenkeleggjer fordi…….. Ja kvifor?
Du marmar og marmar om og om igjen om dette EG IKKJE SER. Være seg fysisk eller psykisk.
Er det forbudt å mestre – være glad og positiv – når ein har diagnoser monge ikkje forstår noko av?
Tenkjer eg nokon gong på kor heldig EG er som slepp bruke mine krefter på ein sjukdom? Tenkjer eg nokon gong på belastninga eg påførar eit menneske med mine mistankar og spekulasjonar?
Og i alle dagar – KVIFOR er EG så opptatt med det som feilar andre? Kvifor er eg ikkje glad for at EG står der EG står, og slepp det eg ikkje veit noko om – og eigentleg IKKJE heller kan sjå?
Du seier det igjen; EG ANAR IKKJE kva det kostar av smerte og innsats- være seg å stå opp ein dag – gå turen – bestige den toppen – smile og le – være sosial – og for den som er litt i arbeide – å møte opp på arbeide.
Men for ein gevinst det er gong på gong – å mestre!
Ja eg tenkjer mitt; “hahaha eg såg deg i går då du sprang som berre det. Ikkje noko som feilar der nei.”
Â
Kvifor i det heile tatt tenkjer eg slik? Kvifor heller ikkje glede meg over kva kvar enkelt kan utrette?
Har EG så lite å bedrive tida mi med – at eg må engasjere meg i å snakke ned dei eg ikkje forstår….. som sliter utan at EG ser det?
Du trur ikkje det kan bli nok fokus pĂĄ USYNLEG SJUK.
Og om EG ikkje forstår…… nei….. kan eg ikkje berre akseptere at vi alle er forskjellige?
Vær glad for det DU mestrar i kvardagen og bruk din energi på det!
Det er ei stor påkjenning for mange – dette å måtte forsvare seg – forklare kvifor ein ikkje jobbar – kvifor ein “berre” jobbar litt – kvifor ein er på behandlingsopphald – kvifor ein ikkje er sosial – kvifor ein ikkje gjer ditt og gjer datt.
Og når ein gjer alt det der – ja då er faktisk det også gale. Unnar eg ikkje ein med ein usynleg sjukdom å leve?
Livet er ikkje berre åtte til fire – livet er heile døgnet.
Og ikkje alle klarar arbeidslivet lenger – men har nok med å takle kvardagen. Livet er meir enn å gå til arbeidet.
Livet ER heile tida.
  Som sagt før; hundre prosent ansatt i eigen kropp. Og EG forstår det ikkje uansett. Nei………….
Ditt hjarte svulmar over. Men gjer låkt når noko er gale, og bankar tungt i stundens alvor. Det gjer så låkt når nokon av dine har det låkt. Og du veit dei må ride av stormane sjølve. Ditt hjarte svulmar over av all kjærleik og godheit, men smertar når dei har det låkt.
Grenser DU har satt. Grenser – moral – etikk – og DU har satt standarden.
Og kvifor det er akkurat DU som har rett, ja det veit ikkje eg.
Har EG rett? Er det EG gjer, feil?
Er mine og dine grenser like? Det er ikkje enkelt dette, med ĂĄ ta hensyn til alle og ein kvar til ei kvar tid.
Er dette innafor, eller trĂĄkkar eg rett i salaten?
Kven er det som har fasiten pĂĄ rett og gale.
Det er lover for bĂĄde det eine og det andre, og dei lovene brytast kvar ein dag.
Â
Lover eg og du lagar – usynlege lover og reglar.
Er lover til for ĂĄ brytast? Kven har banka lova inn som gjeldande?
Kvar gĂĄr grensene? Kven har satt grensene?
Det er vel EG og DU som har laga grensene og fylgjer lover og reglar så godt vi kan. Lover og reglar – både gamle og nye.
Så brytast dei – og kven skal handheve dei lovene – seie at OK denne gongen går det greit, men neste….. for det gjentek seg og gjentek seg – grensene blir tynnare i kantane – slarkne – utvatna. Det er eg og du som tøyar grensene.
Grensene for kva som er greit. Det eg synes er greit, synes du er uforkasteleg, og omvendt. Det du synes er grei oppførsel, er for meg heilt bak mål.
Â
Men kva skal ein gjere dĂĄ? NĂĄr vi alle har forskjellige meiningar om kvar grensa gĂĄr?
Jau, lover og reglar fortel oss kva vi skal gjere. Men kanskje er det på tide med NYE lover og reglar av og til. Nåkre lover burde strykast – andre fornyast.
Tru at du er noko……… det er farleg det.
Eg fĂĄr vondt inn i hjarterota ved dei orda; tru at du er noko.
For du skal ikkje tru at du er NOKO i det heile tatt. Kven trur du at DU er som kan kome her og ta deg til rette?
Oppføre deg utan for normalen. Og kva er utanfor normalen?
Det er den normalen DU har satt – som du føler er rett for deg, men som kanskje ikkje er rett for meg.
Dei skråe blikka – kva trur du at du er – kom ikkje for nær.
Â
Du skal ikke tro at du er noe.
Du skal ikke tro at du er like så meget som oss.
Du skal ikke tro du er klokere enn oss.
Du skal ikke innbille deg du er bedre enn oss.
Du skal ikke tro du vet mere enn oss.
Du skal ikke tro du er mere enn oss.
Du skal ikke tro at du duger til noe.
Du skal ikke le av oss.
Du skal ikke tro at noen bryr seg om deg.
Du skal ikke tro at du kan lære oss noe.
Â
Det er farlig å kome å tru at ein kan lære nokon som har årevis med erfaring, noko.
Du, nyutdanna….kva trur du at du er? Ikkje sant?? Der har du den….. kva trur du at du er – kome her og lære MEG noko…….
Det er EG som skal lære DEG og ikkje noko anna.
Fornærming – autoritær kræsj.
Â
Alder – er ikkje du vaksen då?
Tulle rundt slik?
Kva er vaksen og kva er ĂĄ tulle rundt slik?
Kanskje det ĂĄ tulle rundt slik er absolutt det ĂĄ LEVE. Er det sĂĄ farlig ĂĄ leve dĂĄ?
At eit lite feiltråkk som gjer at latterdøra sig opp eit hakk blir eit sjokk for nokon. Latter er farleg det. Flir ikkje.
Ta det som ein vaksen.
For vaksne ler sjeldent………….. vaksne skal ikkje ha det artig?
Jaja…. tankespinn om alt og lite……………
men det er slik at det eg meinar er bra, meinar du er svært lite bra og omvendt –
det er berre det at kunsten er vel å møtast på midten – møtast på halvvegen –
godta ulikheitene utan å døme nord og ned.
Det er sĂĄ lett ĂĄ rulle med augene og heve augnebryna og riste pĂĄ haude. Vise avsky med heile kroppen. Alle og ein kvar ser ditt ansiktsuttrykk og di kroppshaldning. Det er vel det som er vanskelegast ĂĄ skjule.
Augene fortel.
Mimikken fortel.
Orda fortel.
Â
Og opp i alt skal DU stå oppreist – med heva haud og seie – EG TRUR AT EG ER NOKO.