flagrar i vinden

 

 

Draumen svevar i universet, og du er midt i den
Hendingane skjer på rekke og rad
Langbord i festlig lokale
Jubileum sikkert…selskap i allefall – noko blir feira
Frå rein glamour med venninner og andre,  til møkkete føter i eit leigd hus
Personar du alltid har hatt ein relasjon til, kjem sigande inn i bilete
Dei nære og dei meir fjærne
Tilbake i fortida, andlet klare som dagen
Latter, prat og høg musikk, det klirrar i glas
Som om det var akkurat her og no

Det føltes så verkeleg ut, og det var det, i draume
Fint selskap, fine kle, frå skuletid ut frå andlet å døme
Nokon for galant ut døra – skulle til utlandet
Litt kjendis kanskje, med glitter og stas
wow for eit antrekk av svart og gull – ho stod der brått med eit glas som var fullt
Ja brått har eg vorte dame med figur, seier ho – og vi skal også til utlandet no
Du må byrja trene, tenkjer du om deg sjølv
Så flagrar dei to ut døra, på veg mot utlandets draumar med gulltopp og svart bekledning
Ser etter dei med langt blikk
Blir stjerner dei, tenkjer du

Står brått med dei svarte føtene utfor huset med stillas rundt
Vanskeleg å finne stien ned bakken i labyrinten
Du er i eit soverom du har overnatta i mong ein gong, som gjest, og smilar
Kjenner deg igjen her ja
Kjente mennesker er innom soverom, gang og kjøken
Det er fullt av mennesker – som det var den gongen også
Du får ein klem, den er viktig, det er frå den gong då, men allikevel inn i dagen i dag
Den varmar – og du kjenner vemodet av eit vennskap som flagrar i vinden
Sakte daler draumen, og det blir uklart
Den nye dagen sig på

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mars 2024

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

4 kommentarer

Siste innlegg