Som ei hengekøye
Gyngar fram og tilbake
Det susar litt i sivet under, og trea bøyer av litt oppe i tre-kronene
Det er så uendelig vakkert,
å berre ligge her på bakken og sjå opp mot den blåe himmelen
og skyene som seglar forbi
Nett som å ligge i ei hengekøye, tenkjer du
Men no ligg du på bakken
Hengekøya har du ikkje prøvd enno,
men du drøymer om det,
å ligge der i hengekøya og lytte
Gynge fram og tilbake mens skyene glir forbi
Livet kan ikkje være meir avslappa enn akkurat i det øyeblikket
Du, bakken, tonken på hengekøya, og skyene som seglar som seglebåtar på det blåe havet,
der oppe
Ein maur kryp fort over bakken
Ikkje berre ein, men hundrevis
Hengekøye hengekøye kvar er du?!
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
12. mai 2024
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
høres deilig ut
ja uten om mauren som kom krypande. Hengekøye er bare lekkert!
Hengekøye er bare deilig altså 🙂
Ja🤩🌼