heile verda og ein buldosar – lyfte handa til hjarte

 

Eg tenkjer på Afrika, Spania, Italia, Sør-Amerika, ja heile verda tenkjer eg på.
Og når akkurat DET er sagt, så tenkjer eg på kor heldig eg er som er født i Norge.
Lille vakre Norge.
Der eg kan nytte meg av alle rettigheiter som dei før meg, har kjempa fram.
Og som eg og du er med pĂĄ ĂĄ kjempe vidare for.

 

Vi har midla til ĂĄ kjempe kampen mot Korona.
Vise solidaritet og stĂĄ samla, med ein meters avstand mellom kvar.
Eg tenkjer på alle land – heile verda – og føler ei stor sorg eg ikkje klarar håndtere.
Det blir for mykje.

 

Heile verda – og no feiar Korona som en gedigen buldosar over oss – utan nåde.
Eg og du – stå samla – med ein meters avstand.
Gjere det vi får beskjed om – ta hensyn – solidaritet – vaske hender.
Ta vare på – bry oss om – tenke på  og hjelpe til – på avstand.
På avstand – ein meters breidde – lyfte handa til hjarte og gi eit smil.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #lyftehandatilhjarte #gieitsmil #avstand #einmetersbreidde #heileverda #dikt #tankarblirtilord #korona #buldosar #utannĂĄde #virus

14 kommentarer

Siste innlegg