medan fĂžtene ber oss….. og hunden gĂ„r… var Tom Cruise i lufta?

SAURSEGGA/GJØNA

 

Opp frÄ Gjerdsvika.

Ein 5 timars tur – med smĂ„ pauser.

Elle melle
. og turen falt pÄ ovanstÄande fjell.
Det er ikkje verst det, Ä ha valgets kvaler nÄr ein skal gÄ ein fjelltur.
Torill, meg og hunden Leia.

 

Parkerte pÄ nedsida av Tussa-stasjonen og gjekk pÄ hovedvegen ca 100 meter mot Gursken -fÞr skiltinga kom.

En veldig godt merka sti heile vegen.

 

 


PĂ„fyll av vatn er berre lekkert!

 

 

Og helikopteret 62 grader nord er i lufta.
Er det Tom Cruise som er pÄ sightseeing??
Vi vinka ikkje – men kanskje vi burde det  😀

 

SjÄ kor lekker utsikt det er ned mot Gjerdsvika.

 

OgsÄ passerar vi Hanen som er 414 moh og fÞlger skiltinga vidare mot GjÞna.

 

Og vi har begynt pÄ eggen.
Ein fantastisk tur og dag i fjellet rett og slett!

 

Sauen trudde nok den skulle fÄ vÊre i fred
.
Men neida, her kom vi trampande 😀
Nysgjerrige er dei uansett.

 

Ei pause her, fÞr vi skal gÄ opp pÄ toppen du ser i bildet over her.
Siste oppstigning fÞr mÄlet.
Det har vore ein real opptur heile vegen kan ein sei 😀

 

 

 

Utsikta er det ikkje nĂ„ke Ă„ sei pĂ„ – det er lekkert frĂ„ ende til annen


 


Torill skriv oss i boka.
Og du ser i bildet kvar egga gĂ„r 🙂

 

MÄlet er nÄdd!

 

 

 

 

 

SmÄ mennesker i stor natur.

 

 

 

Ein liten kvil og ein liten matbit til, sÄ er det Ä ta fatt pÄ vegen tilbake.
Over egga, ned bratta, bort til Hanen og ned til Gjerdsvika.

 

Du kan skimte Torill pÄ stien.

 

 

SpektakulĂŠrt og mektigt – det er ikkje sĂ„ mykje anna Ă„ sei.

 

 

Ikkje lenge fþr vi er nede igjen og turen er historie og eit vakkert minne 🙂

 

 

 


Mange kilometer for ein passe stor hund – men hunden Leia er vant til litt gode turar av og til.

 

 

Kva sit dei og funderar pÄ, desse to?
Hund og menneske og den vakre utsikta over Gjerdsvika.

 

Akkurat slik passe godt slitne – site Ă„ lytte til stillheita frĂ„ naturen.
Herlig!

 

 

Vi hĂžyrde nokon som ropa lenger nede pĂ„ stien – der vi forsynte oss med vatn pĂ„ turen oppover.
Vi forstod ikkje anna enn at dei ropte etter hunden dei hadde med seg, for vi sÄg ein stor hund springe framom dei.
Vi traff desse personane og hunden nesten pĂ„ slutten av stien, der dei sat og “slappa av”
..
Men dei var ganske sÄ fortvila
.
Den eine hunden var forsvunne, kunne dei fortelje.
Ein type beagle-hund som hadde forsvunne for dei oppe ved benken der vi sat og slappa av for litt sida.
Det var den hunden dei ropte pÄ.

Det er dÄ det slÄr meg; kvifor mÄtte dei sleppe den laus?

Men det er enkelt for meg Ă„ tenkje slik.
Eg slepp no laus MIN hund ogsĂ„ – nĂ„r bandtvangen er oppheva.
Men oppe i eit sÄ stort fjellomrÄde hadde eg nok aldri sluppet laus hunden.

Og det er ganske fortvilande nÄr hunden ikkje dukkar opp.
Veldig trist og eg kryssar fingre for at den kom tilbake til sine eigarar, for dei slappa IKKJE av der dei stod og var sÄ bekymra.

Hunden har sine instinkt – og den spring den – om den fĂ„r ferten pĂ„ noko.
Slik er det med den saka.
Ingen kan kome og seie at DET skjer ikkje MIN hund – for det er akkurat DET som kan skje



 

 

 

SĂ„nn, det var dagens happening – 5 timars fjelltur i spektakulĂŠre fjellomrĂ„de – og ein hund som er forsvunnen.
Og flaug Tom Cruise over haude pÄ oss?

 

#fjelltur #saursegga #GjÞna #hundenLeia #utpÄturaldrisur #fjelltid #turvenninner #turvenner #hundpÄtur #hundogmenneskepÄtur #selfie #hobbyfotograf #fotoglede #utsikt #natur #spektakulÊrt

4 kommentarer
    1. For en fantastisk tur det der mĂ„ ha vĂŠrt! Herlige bilder! Tenk om det var Tom Cruise da….. stjerneĂžyne….. haha…. nei, en slipper ikke hunden mens det ennĂ„ er bĂ„ndtvang – det er ikke innafor for dyr og fugler…! Klem <3

    2. Wow!
      Rett og slett heeeelt fantastiske bilder, Mette! Og da mĂ„ jo selve turen ha vĂŠrt helt magisk ogsĂ„ selvfĂžlgelig!đŸ’«đŸ˜đŸ’«
      Jeg er sĂ„Ă„Ă„ misunnelig pĂ„ naturen dere har der borte, – sĂ„ spektakulĂŠr og mektig!
      Wow, wow, wow!đŸ™â€đŸ™

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    UnngÄ personangrep og sjikane og prÞv Ä holde en hyggelig tone selv om du skulle vÊre uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pÄ nett.

Siste innlegg