når det bankar på døra

 

Augene strålar.
Ei takk for at nokon kjem.
Augene seier så mykje.
Takkar.

 

Det som gjer dagen heil,
er når det bankar på døra,
og ei hjelpande hand kjem inn.
Gleda i dagen.
Nyhende i dagen.

 

Litt prat og latter gjer augene glade.
Augene fortel si historie.
Tunge dagar og lettare dagar.
Augene lukkar seg, ser ikkje så klart.
Kvile.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

 

#kvile #repostminedikt #augene #repost #minedikt #etdiktomdagen #foto #minebilder

 

8 kommentarer

Siste innlegg