no livnar det..

FLØ

 

844 No livnar det i lundar

Tekst: E. Blix, 1875

 

Melodi: L.M. Lindemann, 1875

No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

Guds kyrkje lysa skulle
som høgt på berg ein stad,
med sumar utan kulde
og utan solarglad

Guds ord vel alltid lyser,
den sol gjeng aldri ned.
Det hus som Anden hyser,
ligg støtt i ljos og fred.

Du vår med ljose dagar,
med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong,

då me med vigsla tunge,
med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunge
skal lova Herren vår!

Det var deler av denne teksten som slo meg på turen til Flø i dag 🙂

 

 

Veldig fint å gå turstien mot Flø

 

 


#kunstisanden

 

 


Vi ser heilt heim nesten…

 

 

 

#tjelden i farta

 

 

 


Åååh likna ein bamse eller noko…

 


Bjørka sprett!

 

Fornøgde med dagens tur i opplett og regn om ein annan 🙂
Raude i kinna vart eg også!

#flø #novlinardet

14 kommentarer

Siste innlegg

Follow