når du saknar nokon
vennskap
så spesielt
som erteris
latteren
hauda i hop og så einige begge to
vi flira godt
og du verden så kjekke den tida var
kjekke du
på din måte
ingen som du og stratos-kua
ja du veit
og vi flira og flira
så stilna det
og det vart alt for stilt
eit mørke la seg over gleda
eit stort sår gapte
og vart til sorg langt inn i hjarterota
kva var det som skjedde
kvar tok vi vegen
kvar for oss
og vi mista det
latteren tok andre vegar
akkurat som ei sår kjærleikssorg
eit vennskap så sterkt gjorde sorgen så sår
sakn
du prøvar hugse kva som skjedde den gongen
utan å finne noko endeleg svar
åhja du hugsar
men det er vel for bagatellar å vite
eller
det spørs korleis ein ser det
du velger vennskapet
du velger gleda og latteren tilbake
det blir nok aldri som før
men jau kvifor ikkje
ein klem er så god
du ber om unnskyldning om du har gjort noko gale
sagt noko som ikkje har vore bra
og det er då augene renn fulle av tårer
for du forstår enno ikkje fullt
forstår berre smerta og saknet
som du kjenner så sårt inn i hjarte
for åra kjem ikkje tilbake
dei er framom heile vår tid
og vi er her
du og eg, enno
augene har vorte milde og varme
smilet er forsiktig
og vi ser på kvarandre utan å vike
vi to – som erteris
vaksnare no, på ein måte
og vi torar nærme oss, kanskje
det fyrste steget
det er skummelt
vi må ikkje bli sinte
du trur du må gråte
du veit du grin også
du er uansett glad i
og det kjem aldri til å forsvinne
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
29. april 2024
#minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord




Så nydelig, Mette! Tårer…… <3
Tusen takk ❤️🙏
så fine dikt og bilder. som vanlig hos deg
Tusen takk for det ❤️