slik jaga han gjennom livet

 

 

DEN ANNSAME

 

Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter,
dei ansar han aldri på.

 

Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

 

Så lid det til endes med dagen.
Han står der studd over stav
og spør:
Kva har livet gjeve
og kvar har det vorte av?

 

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen
men nådde han aldri att.

 

Jan-Magnus Bruheim

 

 

 

 

#denannsame #janmagnusbruheim #glede #livet

6 kommentarer

Siste innlegg