tankespinn – vĂĄr kilde – vatnet

Tankespinn………

 

Eg har vatna ALLE planter og blomster
– pluss juletreet.

Ein siste gong ut å fylle vatn, frå krana på kjøkenet, då det slår meg; så lettvint.
Berre ĂĄ dytte opp krana og vatnet kjem automatisk.
Eg er jammen heldig.
BĂĄde eg og du.
For vi har innlagt vatn, og for det meste er det ikkje problemer med vatnet.

Vårt vassverk i bygda skal overtakast av kommuna, og vi må skyte inn ein andel – og det som på julafta syntes uoverkomeleg vart i dag overkomeleg.
Eg betalar det eg må for å få vatnet – reint vatn – inn i huset kvar dag.

Det er ikkje alle som har den muligheita – å få vatnet inn i nesten kvart eit rom. Fylle opp i badekaret eller dusje så lenge du vil, gi alle planter og blomster både ute og inne vatn, når dei treng det.
Luksus!
Det vi er vant til.

Eg veit ikkje korleis det hadde vorte om det ein dag vart slik at vi IKKJE fekk vatn inn i huset.
At vi måtte til å frakte vatn fleire kilometer – drikkevatn – vatn som skal brukast til alt.
Toalett, klesvask, matlaging, drikke, reinslegheit……..

Om det hadde vorte slik igjen…… då veit eg ikkje korleis vi hadde klart oss.
Vi og den bortskjemte generasjonen under oss.
Kanskje hadde det ikkje vore noko problem?
Men eg trur faktisk det hadde vorte katastrofe.

Ein slik liten bevegelse som å dra opp vannkrana og fylle ein liter vatn frå kjøkenet får tankane til å spinne.
PĂĄ alle dei som IKKJE har denne luksusen eg og du har.
Eg er takksam for at eg bur der eg bur – i det gode landet, Norge.

Men skulle ønske at vatn var for alle.
Denne viktige kjelda til alt.

 

 

 

 

#vatnforalle #kjelda #tankespinn #luksus #vatn #innlagtvatn #katastrofe

6 kommentarer
    1. Ja vi er heldige, mer enn vi klarer å ta inn over oss. Utrolig fin filosofering rundt vannkrana 🙂 Ha en flott dag i dag, men det trenger jo ikke komme vann fra himmelen hos deg 🙂 Men ser noe om en rosa/oransje morgen.. så kanskje det ikke er så ille som jeg fikk en føling av værvarslet sa 🙂

    2. Vann er sĂĄ utrolig viktig! Selv har jeg bodd som lita i jungelen og vet hva det betyr ĂĄ mĂĄtte hente vann, og ikke bare kunne skru pĂĄ en kran.
      Vi er nok ganske så bortskjemte, men det er også rart hvor fort man venner seg til lavere levestandard når det ikke er annet alternativ. Men håper vi slipper det 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg