turen blir til…. Leinebjørnen

 

Når turen ikkje er planlagt…
Ein tur utom mor for å sjå til der, ein tur innom tante Randi og seie god jul, og ellers ikkje noko bestemt

 

Berre lufte haude, være litt åleine,
og samle ny energi frå naturens side

Berre litt i motvind og motbakke, om so va
Og det vart det… motvind og baling og motbakke 🚶‍♀️

Det var det som var nødvendigt i dag
Bale litt, og kjenne på meistring☺️

 

 

Turen vart til mens eg gjekk
Klarar eg opp til mastra og stjerna?
… ja satsar på det

Vinglete, litt slik gele i føtene
Med vanntette joggesko, regnjakke og vindbukse
Ikkje planlagt fjelltur, som vart akkurat det, fjelltur

H E R L I G !

 


Herøy havland

 


Der nede til venstre, der vegen tek av, står bilen min parkert

 

 

Ei ørn sigla flott og majestetisk med vinden – men ikkje nerme nok for at det vart noko bra bilete

 

 


Ja det var desse sølepyttane då…
hehehe

 


Aldri feil med speglingar

 


Naturen er vakker, sjølv om regnet ligg og lurer ut i havet
Energi-påfyll frå alt rundt

 


Der er mastra og stjerna!

 

 


G L E D E

Eg kom meg opp til mastra – og pilen viste veg vidare

Der oppe er Leinebjørnen
Skal eller skal ikkje – for det er ikkje så langt opp dit

Kva er det du styrer med?
Kan du gi deg no?!
Ja, ok – eg kunne gitt meg, og snu ved mastra
Men i dag skulle eg ikkje det
Eg skulle til Bjørnen, og eg kom meg dit


Her er det utsikt over Leine-bygda

 

LEINEBJØRNEN 271 moh

Kor lenge sidan det var eg gjekk den turen?
Lenge sidan…

Kanskje heilt tilbake til februar 2020!

Eg starta på Nærøya – tur og retur

Opplett heile vegen opp – og på starten tilbake


Men, så kom vinden og regnet for fullt
Jepsipepsi!
Det gjode ingenting
Eg hadde fått det eg var ute etter
Energi-påfyll frå naturens side
Rett og slett frå Leinebjørnen

Det er desse turane som er viktige
Stolt er eg, som klarte heile turen opp
Og returen
Det å gå ulendt er rein medisin,
og rein terapi
Å bale seg nedover glatte steinar og til tider veldig blautt og gjørmete…
Då har ein DET å fokusere på, og gløymer alt anna

D U   V E R D E N   K O R  H E R L I G

Kan ikkje få sagt det nok gongar!

 

Å kome opp og ned frå ein slik tur er berre lekkert
Eg hadde gløymt kor longt det eigentleg var… men så longt var det ikkje, men longt nok når det er uplanlagt

Turen har gjort godt for kropp og sjel

Trening for muskulaturen i ulendt terreng = topp gevinst!

Enno er det mykje att av dagen

Stå deg vel ❤️

 

 

(Bale =streve, anstrenge seg. Eksempel: de ble liggende på rygg og bale; hva er det du baler med?)
kopiert fra nettet

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg