Det slo meg her ein morgon Eg var innom og las blogg og kommenterte Eg hadde lagt ut dagens innlegg – det første – Og i det eg svarte på eit innlegg, så tenkte eg; Dette er som å skrive brev til nokon, berre litt meir offentleg Nokon du har vorte kjent med og til stadigheit legger igjen spørsmål og svar hos
Som om eg har mange brevvennar Eg er heldig eg! Mange leser mine brev og eg leser andre sine brev Dei kjem ikkje lenger fysisk i postkassa med frimerke på Dei ligg her på blogg og ventar på å verte åpna og lest Tusen takk kjære blogg-venn, lesar og brevvenn Eg gleder meg til kvar ny dag og nye brev, svar og kommentarer Du er min brevvenn!
Augene, dei ser på deg og du trur Du trur at dei tenkjer og du lagar deg eit bilde frå innsida utifrå blikka du har rundt deg Analyserar ut ifrå ingenting Berre ditt synspunkt Du ser augene – møter dei – blikka – og føler deg truffet Tenkjer at no tenkjer dei slik og sånn Paranoide tankar Og du lar det skje
Korleis unngå å lage tankar om ting som enno ikkje har blitt sagt Augene har sagt noko, tenkjer du Uten at det i det heile tatt har vore noko tema Augene og blikka Dei er vanskelig å tolke Men tolkninga har allereide starta
Analyseringa om kva som var meint med akkurat det blikket Tenkjer eg slik – tenkjer andre at eg tenkjer noko om dei no når eg ser på dei Sjølv om tankane er “tome”, for du stirar berre ut i lufta liksom, utan mål og meining Men augene sa noko..?
Eg er altså så dårlig på det Og lagar meg slike rare vridningar og blir eigentleg litt flau Ja, tilbakemeldingar og komplimanger Det er veldig vanskeleg å ta imot Så enkelt å gi – men rart å få Men så blir eg så glad innvendig Det varmar
Når nokon kjem og seier at dei har lest noko eg har skrive Eller intervuet eg var med i i Allers Så får eg skryt for mi åpenheit og ærligheit Det står av seg det Hadde eg berre vore litt flinkare å ta imot skryt
Kjenner du deg igjen? At du små-flirar, kanskje ristar på hodet og bagatelliserar Neheida det var no ikkje så mykje… Så lite var det.. Ikkje så nøye med..
Eg skal bli betre! Tusen takk! Det varmar uansett, om du ser eg vrir meg eller tonar det litt ned med flaue svar Det betyr så mykje Og eg blir glad Takknemleg og takkar frå heile mitt hjarte