livets linjer og livets song

 

 

Du ser linjene
Dei er mjuke og svingete
Hakkete og lange
Brer seg som ei vifte og strekkjer seg lenger og lenger
Du ser dei, linjene
Når du fysisk dreg dei til sides – er dei usynlege
NĂĄr du slipper taket, er dei endĂĄ fleire
Dei forsvinn ikkje
Dei gjer ingen skade
Men dei er synlege
Du ser dei,
og du ser dei…
Heilt normalt er det – det er livets gang
Du strekkjer i dei og ser dei forsvinn eit augneblink
SĂĄ er dei tilbake
Tilbake for ĂĄ bli
Livets linjer formeirar seg, sjølv om du ikkje likar det
Du skal være stolt av dei, linjene, og du er det, på ein måte
Sjølv om du står og strekkjer i dei og ynskjer dei vekk for alltid
Linjefri – du var det ein gong…
Livets linjer
Dei starta allereide då du vart født
Berre at dei er meir markerte no
Linjer bygt frĂĄ livets erfaringar
Linjer i eit levande liv
Du lever og eldast, litt kvar dag, gjennom heile ditt liv
Dei er ikkje usynlege, det er heilt normalt, det er livets gong
Og kanskje er det livets song, i andletet ditt

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
14. januar 2026

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg