Mor

 

 

 

 

LIVETS SEGL

Når tankane får vingar og flyger avstad.
Bakover i tida då borna var små.
Det var aldri i mine tankar at eg enslig mor skulle verte.
Men det blei no liksom slik, og ingen ny mann passa inn.

Det er knalltøft å være mor, og tøffe år har gått forbi.
Det var nok stunder mine tankar var innom det; at å være mor nok ikkje passa meg.
Men, eg har kjempa mine kampar, og dei små har vokst seg til.
Eg har bøtt på livets segl når riftene vart for store.

Livets segl har større og mindre hull.
Rifter på kryss og tvers, men dei er alle bøtt saman.
Stormen har roa seg og seglet er rolig.
Tenk, mine guta er  no vaksne kara.

Dei er mine stoltheiter.
Dei er mine hjerte.
Og uansett kampa, så betyr dei alt.
Kven har sagt at det å få barn, er enkelt?
Men, det å stå aleine, er IKKJE enkelt.

Å både være mor og far til to gutar, skal noko til.
Men eg har gjort mitt beste for at dei skulle få ein god oppdragelse.
Heldigvis sat eg med grunnutdanninga innan oppdragelse.
Ja, for den fekk eg av MINE foreldre.
Og mine foreldre vart forbilde både for meg og mine guta.

Når eg tenkjer tilbake, så er det nok ikkje alt eg er like stolt over.
Mitt sinne og frustrasjon gjekk av og til utover dei to små.
Men, det var da, og seglet flagra både hit og dit i full storm.
Det roa seg alltid.

Dei små er mine store stoltheite.
For kvar ein dag så svulmar mitt hjerte for desse to som har kommet til verda.
Eg er så stolt og mitt hjerte svulmar.
Det forteller meg at eg har klart det.

Dei små har vorte vaksne.
Ein ny generasjon er komen til.
Min oppdragelse har eg ført vidare med erfaringar på vegen.
Mitt morshjerte svulmar; eg er så stolt.

 

mettekvalsvik

(27.10.16)

 

 

 

#livetssegl #minedikt #fotografering #bilde #dikt #stolt #blogg

 

18 kommentarer

Siste innlegg