sĂĄ dĂĄ sĂĄ

 

 

Ein må bane vegen sjølv
Med hjelp til tider, sjølvsagt, men uansett må ein stå for det sjølv
Som det å bestemme seg for å gå ein tur, sjølv om ein gjekk ein tur dagen før også
Spelar det noka rolle då, om ein gjekk tur dagen før eller dagen før der igjen også
Kva innverknad skulle det ha pĂĄ andre, enn at dei applauderar vel
At dei observerar det, om dei i det heile tatt fĂĄr det med seg

SĂĄ bra, tenkjer dei
SĂĄ bra at ein gjer slike ting, og kjem seg ut
Det stĂĄr det respekt av
Verkeleg
Unne kvarandre det beste
Ikkje misunne
Ikkje snakke ned
Ja, for ein som har gått tur heile to dagar på rad, må då ha det veldig bra med seg sjøl
Ikkje sant

Stopp der – for tonkane vidare treng ikkje gå,
og ikkje snakkast høgt om
Ikkje delast med andre heller
I allefall om dei er nedsetjande pĂĄ nokon mĂĄte
Då går snøballen raskare enn svarten
Det er ikkje det ein er ute etter,
er det

Sjå med lyfta blikk og bøttevis med inspirasjon, mot ein som går heile to turar på rad
Tenk pĂĄ det
Det er inspirarande vel
Eller er det berre reint tĂĄpeleg
Vekk-kasta tid som kunne vore brukt til andre ting
Og der for tonkane igjen
Ikkje gjer det
Unn menneske det

Unn ein som gjer dette, det ĂĄ kunne fortsette med det
Ikkje gjer sĂĄ ein graver seg ned
Det trengs ikkje
Lyft blikket og smil
Tommel opp for at ein gidd liksom
Samma det vel,
ein hadde vel ikkje orka gĂĄ to turar pĂĄ rad heller,
nĂĄr ein tenkjer seg om
SĂĄ dĂĄ sĂĄ

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
september 2024

 


#etdiktomdagen #tankerblirtilord #minedikt

 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg