Ein må bane vegen sjølv
Med hjelp til tider, sjølvsagt, men uansett må ein stå for det sjølv
Som det å bestemme seg for å gå ein tur, sjølv om ein gjekk ein tur dagen før også
Spelar det noka rolle då, om ein gjekk tur dagen før eller dagen før der igjen også
Kva innverknad skulle det ha på andre, enn at dei applauderar vel
At dei observerar det, om dei i det heile tatt får det med seg
Så bra, tenkjer dei
Så bra at ein gjer slike ting, og kjem seg ut
Det står det respekt av
Verkeleg
Unne kvarandre det beste
Ikkje misunne
Ikkje snakke ned
Ja, for ein som har gått tur heile to dagar på rad, må då ha det veldig bra med seg sjøl
Ikkje sant
Stopp der – for tonkane vidare treng ikkje gå,
og ikkje snakkast høgt om
Ikkje delast med andre heller
I allefall om dei er nedsetjande på nokon måte
Då går snøballen raskare enn svarten
Det er ikkje det ein er ute etter,
er det
Sjå med lyfta blikk og bøttevis med inspirasjon, mot ein som går heile to turar på rad
Tenk på det
Det er inspirarande vel
Eller er det berre reint tåpeleg
Vekk-kasta tid som kunne vore brukt til andre ting
Og der for tonkane igjen
Ikkje gjer det
Unn menneske det
Unn ein som gjer dette, det å kunne fortsette med det
Ikkje gjer så ein graver seg ned
Det trengs ikkje
Lyft blikket og smil
Tommel opp for at ein gidd liksom
Samma det vel,
ein hadde vel ikkje orka gå to turar på rad heller,
når ein tenkjer seg om
Så då så
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
september 2024
#etdiktomdagen #tankerblirtilord #minedikt
Takk for dagens oppmuntring:)
Bare hyggelig! lag dagen så god som mulig 🙂