brottsjø…

 

 

 

Du kan stille deg dei same spørsmåla gong på gong
Kvar er du?
Kvifor er det slik?
Og har du det bra?
Og opp i alt dette, så veit du at den du saknar, ikkje er meir.
Har vore borte lenge no, og grava er det som er igjen.
Ein gravstein å gå til…

 

Grava er det som er igjen….
Men minna sit der, klistra til netthinna.
Dei glade dagane med latter og smil
Og du kjenner at du blir sint inne i deg
Kvifor?
Du vil ikkje ha noka grav å gå til
Du vil ha heilheita
Personen du saknar
Inn i evigheita…

 

Kvifor er det slik
At vi forsvinn
Det einaste som blir igjen, er grava
Om det då finnast ei grav å gå til
Og det er då du set deg spørsmål med kva som er poenget, med dette
Vi fødast og vi døyr generasjon for generasjon
Gravsteinane er dei som står igjen, om dei er å oppdrive til slutt
Eller dei er erstatta med nye…
Nye grave..

 

Då er det viktig å finne si eiga lysning
Der gravsteinen ikkje er sjølve lyset
Men kanskje det som fyk over netthinna
Minnet og lærdomen, og det du lærer i nuet
Vi velger å bli fleire, då må vi ta med sorgen i betraktninga
Ingen har overlevd enno og det er heller ikkje trøysta
Vi veit korleis det virkar og vi har valgt for kvarandre
Har vi valgt for kvarandre?

 

Allikevel kjem det sigande, dette kvifor…
Inn i evigheita..
Då du saknar så sterkt og ikkje vil kjenne ved at det er gravsteinen som står tilbake
For du klarar ikkje tenkje på det og du vil ikkje tenkje på det
Det fyker over netthinna
Latteren og smilet
Det gode og lune
Og det manar fram sorgen, som ein “brottsjø” slår deg i bakken
Du vil ha heilheita
Personen du saknar…
Brottsjø og gravstein…
Evigheita og forbi…

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#brottsjø #evigheitaogforbi #minedikt #etdiktomdagen #minedikt #dikt #tankerblirtilord #sakn #gravstein #grava

8 kommentarer

Siste innlegg