Når ein og ein halv time verte til tre timar
Ja…. turen i dag… når det er ei tid tilbake sidan eg gjekk der,
då tenkjer eg at det var å ta i, at turen tok ein og ein halv time – då var vi innafor, tidsmessig liksom…
Heldigvis hadde vi ikkje dårleg tid
Og vi naut kvart eit sekund på turen
Oppover og nedover, bortover og til siden – og pauser
🚶♀️🚶♀️➡️
Eg må sei eg ikkje var like rask i lyngen som eg har brukt å være….
Det er ikkje nedtur, men ein forståelse av at eg ikkje er som ein hjort lenger, i kroppen
😅
Glatt var det også, somme plassa
Men vi e no fjellvante så ikkje noko problem det – krype er heilt innafor
Problemet kom mot slutten – etter pausa i lyngen
Då stivna eg litt til, og mista litt kontroll over høgre side
Det vart litt bal somme plassa – men eg kom meg fram – det skal seiast
Sjølv om fjellet ikkje er stort, er det kupert
Og bitte litt klatring kan ein sei at det var der, i allefall for min del
No sit eg her med ein sliten kropp – men fullt i haudet av gode opplevingar
Godt lag med kusine Irene gjorde turen i dag
Tusen takk
⁸❤️💛❤️
Det er så flott utsikt frå Igesund-varden
Yohooo!
Her gjekk vi litt feil kan man seie… men vi henta oss raskt innat
Eg er meir van med å gå motsatt veg, rundt, men la gå – ikkje noko gale i å snu nåkre meter for å kome på rett sti att
Og heldigvis er ikkje fjellet så stort at det å gå feil vart ei krise
Vi er på rett kjøl,
og her er det full utsikt mot Huldal og Fosnavåg sentrum
Siste etappe då… og her er det eit krevjande parti –
i allefall når det er litt isete og kroppen ikkje er hundre prosent….
Men det gjekk heilt fint – med god tid og fokus
Ja det er lettelse å spore i smilet der, trur eg….
Og sola varma!
fotograf Irene HS
Og det er vakker vakker utsikt frå Igesund-hetta!
Så bærst det nedover –
og det var i disse trefser vi fant ro i sjela og berre vart sitjande og nyte stillheita og sola som varma oss
Så er vi nesten nede – og siste parti er der ved vatnet
Det er ei fantastisk utsikt derifrå!
Og vi må leike oss litt…
fotograg her, er Irene HS
🚶♀️➡️🌞🚶♀️
Her er ein tur eg hadde i 2022 i saman med gode turvenen min, hunden Leia
Når sola skin…
Fantastiske minne…. og eg har ikkje gått den turen sidan, før i dag
Då var det på tide – også for å teste korleis eg klarar meg i fjellet – slike turar
Og konklusjonen er at eg klarar det – men ikkje på same måte som før – og det kostar
Det er det eg sit igjen med no – at det kostar å gape over meir enn ein eigentleg klarar
Men eg klarte det!
Meistring på høgt plan og eg er takksam
Og eg må lytte meir til kroppen
Er vel i ein slags læringsprosess med eiga helse
Også er det vaffeldagen❤️
Mmmm med fjorårets heimelaga plommesylte og anna sylte 🤩
Så vakkert der 🙂 Koselig med tur <3
Ja koselig med tur – og denne turen er vakker 🙂
Fantastiske bilder og en nydelig tur☀️Og så lærer vi og erfarer noe hele tida. Det er en god følelse: å innse at ting er annerledes, også turer, men å kjenne på mestring allikevel🙂
Helt sant. Tusen takk 🙂
For en fantastisk tur Mette <3 i det nydelige været! Så herlig – takk for turen! Og takk for vaffelen… den smakte <3 klem
Ja dette var en etterlengtet god tur og vaffel til kvelds var også helt innafor 😀 klems
herlig tuur ,og du er virkelig flinke :=) aldeles nydelige bilder
Tuuusen takk!