eit heilt liv

 

 

FrĂĄ dei fyrste stega du tok,
og fram til no
Eit heilt liv levd
Sakte men sikkert veks du fram, oppdregen av di familie, pĂĄ godt og vondt
Ingen velger heimen dei kjem til, heller ikkje du
Var det ein god heim, eller ikkje sĂĄ god
Eit lite hjarte født inn i verda,
utan å velge framtida sjølv
Moglegheitene er unike,
eller ikkje
Du veit ikkje om noko anna før nokon viser deg det, eller fortel deg det
Då byrjar du sjå på deg sjølv og dine og alt rundt
Og du undrast
Eller, du ser ikkje, for ingen seier noko, og ingen pĂĄpeikar noko

Urett eller rett, noko legg du merke til og anna ikkje
Men berre fordi du ser at nokon har det betre enn du, eller verre enn du
Om ikkje hadde du ikkje sette det
Draumen og gleda vart trĂĄkka pĂĄ
Eller du tok alt som ei sjølvfølge,
fekk det i hendene eller pĂĄ gullstol,
eller født med sølvskje i munnen
Forskjellene laga brĂĄtt eit hav imellom
Eit lite hjarte, født inn i verda,
utan å velge verken familie eller framtida sjølv
Draumen brast
Framtida brast
Lykka brast
Verda brast
Eller alt surra rundt pĂĄ eit lykkehjul

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
21. februar 2025

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt #lykkehjul

9 kommentarer

Siste innlegg