gamal..

 

FÄr brÄtt panikktankar
Det knyter seg i brystet
Er pÄ veg i ei ukjent retning
Inn i det vanskeligaste?
Alderdomen
 det sig pÄ
Gamal
?
Ikkje enno, men..

Det fÞles brÄtt vanskeligare
Det var ikkje det fĂžr, vanskelig?
DÄ heile livet lÄg framom og tankar ikkje dvelte ved framtida
SĂ„ lenge til!
Notida for tiĂ„r tilbake var “her og no”-fĂžlelsen
Bekymringar for framtida lÄg pÄ andre ting
Arbeid, familie, venner, kjĂŠrestar, Ăžkonomi osv
Framtida var ei evigheit til

SjÄ pÄ det som noko fint
Erfaringane stÄr i kÞ
Tenk pÄ alt vi veit i dag
Det vi ikkje visste dÄ, ja det veit vi betre no
Bekymringane vi ikkje hadde dÄ, har komt sigande pÄ i dag
Gamal – ikkje heilt der enno..
Men fĂžlelsen av at noko skjer, er der

Gamal – det er nĂ„r ein har passert 90?
Det er lenge til!
Ung til sinns i ein aldrande kropp
Vi er der vi er – uansett – pĂ„ veg
Vi kjem etter
Det gjeld Ă„ ikkje dvele ved det – men stĂ„ i det og leve livet
Men kva skal det bli av mÚg nÄr Úg ikkje klarar meir
Er det plass dÄ?
Er det plass til oss?

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
29.01.2023

 

 

#minedikt #tankerblirtilord #etdiktomdagen

6 kommentarer

    1. Jeg tenker ogsĂ„ slike tanker….
      PrĂžver Ă„ ikke fokusere mye pĂ„ alderdommen…tja jeg fĂžler meg allerede gammel nĂ„ allerede med begrenset bevegeligheten og utmattelsen:)
      Men leve livet som vi har fÄtt tildelt:)

    2. Det blir litt slike tanker ba.. Senest i dag nĂ„r jeg kravlet meg opp etter Ă„ ha laget engel I snĂžen 🙈😂
      MĂ„tte le litt av meg selv, og tenkte…jaja, du begynner Ă„ bli litt eldre…Men ikke gammel vel 😁â˜ș

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    UnngÄ personangrep og sjikane og prÞv Ä holde en hyggelig tone selv om du skulle vÊre uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pÄ nett.

Siste innlegg