hjelp meg

 

 Kan du hjelpe meg
Eg klarar ikkje meire
Klarar ikkje lyfte blikket, finne trua på meg sjølv
Kan du hjelpe meg, gi meg trua på det gode
Gi meg styrke til å klare desse dager, med motgang og usikkerheit

 

Du har kjent på den, usikkerheita
Det som har gjort at du har følt deg så liten
Redd for å ikkje å bli likt
Redd for…
Alltid i forsvar
Eller, alltid beredt

 

Du har kjent på den, følelsen av einsamheita
At ingen bryr seg og ingen likar deg
Og du lurer på kva du har gjort
Kva er det som gjer, at akkurat du kjenner det slik
Du veit rett og slett ikkje,
ingen svar, berre mange spørsmål

 

Det kryp langs ryggen og oppover – det usynlege
Det som forteljer deg at du ikkje er verdt noko
Sjølvtilliten vaglar frå side til side
Nedbråten og knust i tusen bitar
Så plukkar du opp då, ein etter ein
men manglar bitar og manglar svar

 

Kven har teke dei, kven har knust dei,
bitane og svar av lykke
Det gjer vondt
Tårene renn som  stille elvar
Du ser opp mot himmelen og ropar stille
Hjelp meg no, om du er der oppe

 

Du tørkar tårene og hevar blikket
Ingen ser deg og ingen høyrer
Ikkje viktig, ikkje bra nok, kviskrar stemma frå det indre
Du møter blikk,
eit forsiktig HEI
Og der blant alle, så skjer det gode, du høyrer HEI frå ein annan kant
Nokon høyrde og nokon såg
Ikkje usynleg, kviskrar du

 

Kan du hjelpe meg
Eg klarar ikkje meire
Klarar ikkje lyfte blikket, finne trua på meg sjølv
Kan du hjelpe meg, gi meg trua på det gode
Gi meg styrke til å klare desse dager, med motgang og usikkerheit

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

 

 

#minedikt #tankerblirtilord #etdiktomdagen

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg